LATAR SOM: Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Geir Pollestad, meiner Frp latar som dei kjempar mot avgiftsauke på drivstoff. Foto: Senterpartiet
LATAR SOM: Stortingsrepresentant for Senterpartiet, Geir Pollestad, meiner Frp latar som dei kjempar mot avgiftsauke på drivstoff. Foto: Senterpartiet

MEININGAR

Drivstoffbløffen til FrP

Fremskrittspartiet latar som dei kjemper mot avgiftsauke på drivstoff. Det er ikkje rett. Statsbudsjettet syner at FrP og Siv Jensen ynskjer ein historisk auke i drivstoffavgiftene, skriv stortingsrepresentant i Senterpartiet, Geir Pollestad.

  • Endret

Dei har stilt ultimatum til Stortinget om å auke dieselavgifta med 44 øre og bensinavgifta med 19 øre. Det er ein større auke i drivstoffavgiftene på eit budsjett enn det dei raudgrønne hadde på sine åtte budsjett. 

Senterpartiet har langt større tru på ein miljøpolitikk som fungerer. Difor går me mot FrP sitt krav om auka drivstoffavgifter. 

Senterpartiet meiner ein i staden for å plage folk heller må satse på å bygge ut eit godt kollektivtilbod, på omlegging av næringslivet og på å bygge ut meir fornybar energi. 

Til toppen