DRIVSTOFF TIL ALLE: Marianne Øren (V) skriv i sitt innlegg at ho vil ha drivstoff til alle typar bilar på bensinstasjonar. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 
meiningar
DRIVSTOFF TIL ALLE: Marianne Øren (V) skriv i sitt innlegg at ho vil ha drivstoff til alle typar bilar på bensinstasjonar. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen. 
meiningar

Drivstoffstasjonar for alle bilar

Les Marianne Øren (V) sitt innlegg, der ho tek opp dagens bensinstasjonar sitt begrensa tilbod på drivstoff.

Det har lenge vore hevda frå bransjehald at bensinstasjonane ikkje tenar pengar på bensin/ diesel uansett pris ut til forbrukar. 

Dei overlever angiveleg på det dei sel av kioskvarer.

Samstundes er det ein stadig større del av bilane i Norge som går på straum. Desse trenger å stå ei stund lenger  for å få fylt opp batteria sine.

Då vert det litt vanskeleg å forstå kvifor ikkje fleire av dagens  bensinstasjonar utvidar tilbodet sitt til og å serve desse.

Eg kjenner til berre ein lokalisering i Sogn som har ein liknande stasjon med samlokalisering av stasjon for flytande drivstoff og straum til elbil. 

I Aurland, ved verdas lengste tunell, ligg det ein drivstoffstasjon som kan tilby  både straum og tradisjonelt drivstoff.

I Aurland har kommunen spelt på lag med dei private initiativtakarane for å få til dette.

Bensinstasjonane ligg alltid lett tilgjengeleg for bilistane, det same kan ein ikkje alltid seie om ladestasjonar for el-bil. 

Statoil har teke  initiativ og utvida sine drivstoffstasjonar  langs deler av Europavegnettet.

Det er sjølvsagt opp til bransjen å gjere denne omlegginga, men Venstre i Sogn og Fjordane ser positivt på å samarbeide gjennom planarbeid og andre offentlege støtteordningar.

Marianne Øren

Sogn og Fjordane Venstre sin 2.kandidat til fylkestingsvalget.

Til toppen