PUTTA I DEBUTEN: Fredrik Flo scora tre av Fanas fem mål då dei knuste Førde 5-1 i Hafstadparken laurdag. Foto: Sogndal Fotball. 
PUTTA I DEBUTEN: Fredrik Flo scora tre av Fanas fem mål då dei knuste Førde 5-1 i Hafstadparken laurdag. Foto: Sogndal Fotball. 

Drømmestart for Flo i Fana

Og Jonas Hestetun pynta resultatet då Førde blei knust. 

Førde – Fana 1-5

Fredrik Flo fekk ein perfekt start på låneopphaldet i 2. divisjonsklubben Fana. 19-åringen, som er på utlån frå Sogndal, scora tre av Fanas fem mål då dei slo Førde 5-1.

I Hafstadparken såg det ikkje ut til at Fana skulle ha nokon sjanse etter ein heller svak første omgang, der vertane leia 1-0 til pause, men anført av Flo fekk gjestane fart på sakene.

Ein time inn i debuten kom den første scoringa til den utlånte Sogndal-spelaren. Deretter fulgte nummer to, og på overtid var hattricket i boks. 

Joachim Dankertsen og årdølen Jonas Hestetun scora dei øvrige måla i den knusande 5-1-sigeren til bergenserane. 

Til toppen