Årdal/Lærdal: Det kan vere utfordrande å finne sauer som har vore på sommarbeite. Det vil professor Svein-Olaf Hvasshovd ved Institutt for datateknikk og informasjonsvitskap ved NTNU gjere noko med, skriv gemini.no.
– Det har komme haustemaskinar som kan køyre av seg sjølv. Mjølkekyr har byrja å få klavar og prosessorar som fortel oss noko om dyret og kva dei et. Men den store revolusjonen har ikkje skjedd, seier Hvasshovd til nettstaden.
Han meiner det verkeleg store vil vere å hente heim sauene utan å sanke dei inn manuelt. I første omgang vil han lette arbeidet med å finne bortkomne sauer. Løysinga kan vere eit varmesøkjande kamera montert på ein drone, meiner forskaren. Eit infraraudt kamera fangar opp temperaturskilnadar, det gjer sauen meir synleg i terrenget. Testar viser at teknologien er godt eigna.
– Sauen var veldig synleg. Det var eit klart skilje mellom bakken og sauen.
Sauebøndene er positive til å ta i bruk denne typen teknologi, meiner forskaren.
– Dei er interesserte i å finne metodar som kan redusere arbeidsmengda og tidsbruken, seier Hvasshovd. (©NPK)