NY DRAKT: Tungestølen vart totalt øydelagt av romjulsorkanen Dagmar i 2011. Åtte år seinare skal han etter planen stå opp att i ny Snøhetta-teikna drakt.
NY DRAKT: Tungestølen vart totalt øydelagt av romjulsorkanen Dagmar i 2011. Åtte år seinare skal han etter planen stå opp att i ny Snøhetta-teikna drakt. (Illustrasjon: Snøhetta)

Dronninga skal opna den atterreiste turisthytta

For 31 år sidan overnatta dronning Sonja på ei hytte på Tungestølen i Veitastrond. No skal ho tilbake for å feira attreisinga av det orkanen øydelagde.

Luster: I september kjem dronning Sonja til Luster for å opna Nye Tungestølen Turisthytte, skriv Luster turlag i ei pressemelding tysdag.

STOLT: Ole Schanke Eikum, leiar Luster Turlag Foto: Privat

– Det er ei stor glede og ære, seier styreleiar Ole Schanke Eikum.

I pressemeldinga står det at det ikkje er første gong at dronning Sonja er på Tungestølen. For 31 år sidan overnatta ho der før ho kryssa av Austerdalsbreen. Hytta fekk seinare namnet Dronningselet.

Les òg: Mangla finansiering til storprosjekt: Kommunen steppar inn med millionar

Første del bygd til sommaren

Til jul vil det vera åtte år sidan orkanen Dagmar knuste den gamle turisthytta til pinneved.

I september i år skal første fase av oppattbygginga stå klar til prislapp på 15 millionar kroner opnast. Det vil då stå eit felleshus, eit servicebygg og eit sovesel på tunet der den hundre år gamle hytta sto fram til 2011.

Det har kosta mykje krefter berre å få tak i nok pengar til å realisera prosjektet:

Siste kronene i boks

I starten av februar mangla det 5,3 millionar på å få det fullfinansiert.

Takka vera mellombelse lån frå Luster Sparebank og kommunen, forskotteringar på spelemidlar frå hovudentreprenør Hans Nes Bygg, er den floka løyst.

– Me er svært takksame for den rause støtta som prosjektet har fått frå våre lokale støttespelarar, og me ser fram til at turisthytta endeleg vert realisert etter mange års innsats, seier Eikum.

Til toppen