Årdal: Måndag startar Lerum cupen, som er det tredje største skytestemnet i Noreg. Denne dagen får både Knipenborg skyttarlag og Farnes skyttarlag besøk frå skyttardronninga Eileen Torp.
- Les også: 780 skyttarar har meldt sin ankomst.
Eileen Torp skyt for skyttarlaget Sartor frå Bergen. I 2015 blei ho vinnar av landskyttarstemnet. Ho blei dermed regjerande Norgesmeister og kunne kalle seg for norsk skyttardronning.
Skyttardronninga skal skyte på Lerum cupen
Måndag skal Torp skyte klokka 12.00 på Loi. Dette vil seie at ho skal delta i det første laget. Deretter tar ho turen til Mjøen, der skal ho skyte klokka 13.20.
- Det vil vere mogleg å følgje Eileen Torp si skyting både skot for skot på elektroniske blinker, men også på direktesending frå standplass, fortel leiar i Knipenborg skyttarlag, Robert Sandvik.
Farnes skyttarlag har også montert opp kamera slik at ein kan følgje med direkte frå standplass.