INNTEKTER: Kommunane får behalde inntektene frå vasskrafta framover.
INNTEKTER: Kommunane får behalde inntektene frå vasskrafta framover. (Foto: Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes)

Droppar forslaga frå kratftskatteutvalet

Regjeringa legg vekk det omstridde forslaget om endringar i kraftskatten. Dermed får dei store kraftkommunane behalde inntektene dei har frå vasskrafta i dag.

Sogn: Regjeringa har valt å ikkje gå vidare med forslaga om endring av skattlegginga av vasskraft frå utvalet etter innspel frå kommunane og næringa, melder NRK

Saka har vore på høyring til 1. januar og det har komme inn over 350 høyringssvar. 

Blant dei som har vore kritiske til forslaget er ordførarane i kraftkommunane Høyanger og Årdal.

Både Petter Sortland (Ap) i Høyanger og Hilmar Høl i Årdal (Ap) har tidlegare uttalt til Porten.no at det kunne ha gjeve tap på 30 – 40 millionar for Årdal og 40 – 50 millionar for Høyanger hadde forslaget blitt vedteke. 

Finansminister Jan Tore Sanner (H) seier til NRK at regjeringa har lytta til både kommunane og næringa. 

– Vasskraft er ein verdifull ressurs som vi må ta godt vare på. Den skal forvaltast til det beste for lokalsamfunna og for samfunnet som heilskap, seier Sanner. 

Statsminiser Erna Solberg stadfestar at det ikkje vert gjort endringar, og at kommunesektoren vil behalde inntektene. 

Ei rekkje organisasjonar, frå NHO til LO, kraftselskap, vertskommunar og miljørørsla har bede om at dagens ordning vert videreført. 

Til toppen