GRÜNDERAR: – Det hadde vore ein drøym å fått inn kandidatar med same kaliber som Rocketfarm, seier Per Odd Grevsnes i Sogn Næring. Foto: Camilla Skjær Brugrand.
GRÜNDERAR: – Det hadde vore ein drøym å fått inn kandidatar med same kaliber som Rocketfarm, seier Per Odd Grevsnes i Sogn Næring. Foto: Camilla Skjær Brugrand. (Foto: Camilla Skjær Brugrand/arkiv)

Drøymekandidaten: Ei ung kvinne med stort pågangsmot 

Sogn Næring tilbyr for første gong sommarjobb som gründer i Sogndal. 

Sogndal: Sogn Næring er på leit etter ein student med bakgrunn i entreprenørskap og innovasjon for deira nyoppretta sommarjobb. 

– Drøymekandidaten er ei ung kvinne med stort pågangsmot. Ho må ha klare meiningar om kva ho skal starte opp med, seier Per Odd Grevsnes dagleg leiar i Sogn Næring. 

Han meiner næringa treng fleire kvinnelege gründerar. 

– Beste plassen 

Det har allereie kome inn ein del søknadar til den nye stillinga og Grevsnes fortel at dei søkjer studentar frå heile landet. 

– Sogndal er den beste plassen i landet å starte ei ny bedrift. Me har eit tiltaksapparat som er tilgjengeleg for den rette kandidaten til alle tider, seier han. 

Innovasjon Norge er til dømes inne med fleire støtteordningar. 

– Me hjelper nye bedrifter å skaffa kundar. Det er verre å starte opp åleine i byar. Desse fortrinna skal me syna fram. Me ønskjer å setja fokus på det yrket det er å starte opp bedrifter, seier han. 

Revsnes syner til teknologibedrifta Rocketfarm som etablerte seg i kunnskapsparken på Fosshaugane Campus for ein del år sidan. 

– Det er ein draum for ein kvar næringssjef å få inn folk som er av det kaliberet som dei i Rocketfarm, seier han. 

Mykje på kjøpet

Sogn Næring er på leit etter nokon med pågangsmot, som ønskjer å starte opp for seg sjølv. Den rette kandidaten vil tene 30.000 kroner i løpet av dei tre sommarmånadane og få gratis husleige på deira gründerkontor. 

– Akkurat no har me berre finansiert ei stilling. Men om me får inn fleire spennande kandidatar, så tek me gjerne kontakt med fleire. Håpet er sjølvsagt at dei vil kome tilbake etter studietida og starte opp si eiga bedrift hos oss, seier Revsnes. 

Han ønskjer å syne fram at Sogn og Fjordane er ein av dei beste plassane i landet for å etablere nye verksemder. 

– Bakgrunnen for denne sommarjobben var DIFIcamp på Leikanger i fjor. Det var ein bra prosendel som deltok, og fleire av studentane har kome tilbake for å jobba for bedrifta, seier Revsnes. 

Stillinga vil difor fungere som ein godt rekrutteringsarena. Revsnes påpeikar at det ikkje er naudsynt å ha ein ide når ein startar opp. 

– Me har eit godt nettverk her og det er mange flinke folk som har gode idear, avsluttar han. 

Til toppen