BELTE PÅ BUSS: Denne veka varslar Statens vegvesen beltekontrollar over heile Vestlandet. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
BELTE PÅ BUSS: Denne veka varslar Statens vegvesen beltekontrollar over heile Vestlandet. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes. (Illustrasjonsfoto: Arkiv)

Du er vel ikkje elefanten i bussen?

Det blir du om du ikkje brukar belte som busspassasjer. Under halvparten av dei som reiser med buss brukar belte der det er montert, likevel trur Statens vegvesen at mørketala er store. 

I 2014 vart sju drepne, sju hardt skadde og 68 lettare skadde i samband med bussulykker. Fleire av dei omkomne kunne redda livet om dei hadde brukt belte, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding. 

Varslar om beltekontrollar

Statens vegvesen har laga ny nettside og ein animasjonsfilm der dei viser krafta ein usikra passasjer kan få, og samanliknar det med vekta til ein elefant. Bussane har også fått materiell med den viktige bodskapen. 

– Det er mange som ikkje veit kor farleg det er at dei andre i bussen ikkje brukar belte. Me ser det ofte i ulykker korleis passasjerane blir kasta rundt i eller ut av bussen, noko som kan gjere stor skade på både seg sjølv og andre. At ein kan skade andre ved å droppe beltet, bør vera motivasjon nok. Det skjer heldigvis få ulykker med buss, men skadepotensialet er stort om noko skulle skje, seier Anne Margrethe Bøe, som er kampanjeansvarleg i Statens vegvesen Region vest.

Denne veka varslar Statens vegvesen at dei vil halde beltekontrollar i bussar over heile Vestlandet. 

Sjekk kor tung du blir som usikra busspassasjer. 

Må ta med beltevanane frå bil til buss

Sist vinter då Statens vegvesen kontrollerte beltebruken på Vestlandet, var det 1100 av 7000 busspassasjerar som ikkje brukte belte.

Les også: Nesten 1100 busspassasjerar utan belte

Bøe fortel at i bilen brukar nesten alle belte, men det er mykje som tydar på at dei gode vanane ikkje blir med over i bussen. 

– Om me klarar å endre vanane til alle passasjerane i bussar med belte, meiner me at mykje er gjort, seier ho.

Til toppen