NORSKE FLAGG: Det var rundt unionsoppløysinga i 1905 ein tok i bruk norske flagg som pynt på juletre. Her pyntar ei jente juletre i jula 1970. Foto: Erik Thorberg, NTB arkiv / NPK
NORSKE FLAGG: Det var rundt unionsoppløysinga i 1905 ein tok i bruk norske flagg som pynt på juletre. Her pyntar ei jente juletre i jula 1970. Foto: Erik Thorberg, NTB arkiv / NPK

Du grøne, glitrande ...

Før i tida kom juletrepynten frå naturen og frå kjøkenskåpet. I dag glitrar kuler og lenker om kapp på norske juletre, som blir pynta stadig tidlegare.

Kanskje lét du julekulene liggje i fred til vesle julaftan, men mange har eit ferdig pynta, skinande tre ståande i stova i god tid før jul.

– Dei siste tiåra har det vorte vanleg å pynte juletreet i veka før jul. Opphavleg var det på julaftan ein skulle pynte, fortel Anne Kristin Moe. Ho er konservator ved Norsk Folkemuseum og tek neste år til i stillinga som direktør ved Nordfjord Folkemuseum.

DUKKA OPP PÅ 1800-TALET: På 1800-talet dukka dei første juletrea opp her i landet. Her eit juletre frå ei tidlegare utstilling ved Norsk Folkemuseum.
DUKKA OPP PÅ 1800-TALET: På 1800-talet dukka dei første juletrea opp her i landet. Her eit juletre frå ei tidlegare utstilling ved Norsk Folkemuseum.

– Meir utolmodige

Moe trur tendensen dels kjem av utanlandsk påverknad, men også har ei praktisk årsak. Mange reiser vekk i jula, og vel difor å pynte treet i god tid før høgtida set inn. Heile juleferinga ser ut til å begynne tidlegare enn før, meiner ho.

– I den førindustrielle tida begynte feiringa julaftan og var over trettande dag jul. No begynner vi i adventstida og sluttar rundt 1. januar. Før betydde dei tretten dagane julefred og ro. Vi har meir fleksible liv når det gjeld arbeid og fritid. Ein kjem heller ikkje unna at handelsstanden og utelivet spelar inn. Samtidig som vi er meir utolmodige, handlar dette nok òg om å tene pengar, seier Moe.

Eple, mandlar og rosiner

Den delen av julefeiringa som er knytt til det å pynte juletre, oppstod i Tyskland allereie i mellomalderen.

– Det var ikkje ein kyrkjeleg tradisjon, sjølv om Tyskland var eit kristent land. Det var handverkarlauga som starta skikken når medlemmene der laga julefestar for ungane sine, fortel Moe.

Desse første trea blei pynta med etande gåver, som barna fekk trettande dag jul. Her i Noreg fekk vi skikken via Danmark på 1800-talet.

– Vi hadde mange andre juleskikkar, så juletreet tok lang tid å innføre. Nokre syntest det var heidensk, medan andre meinte det var ein rar skikk, seier Moe.

MASSEPRODUKSJON: Den masseproduserte pynten kom på slutten av 1800-talet. I dag pyntar mange med ei god blanding av ulike typar juletrepynt.
MASSEPRODUKSJON: Den masseproduserte pynten kom på slutten av 1800-talet. I dag pyntar mange med ei god blanding av ulike typar juletrepynt.

Det første juletreet ein veit om i Noreg er frå 1820-talet. Den første skildringa av eit norsk juletre stammar frå 1840-åra og var av juletreet til Gustava Kielland.

– Ho skreiv sjølv ned korleis treet var pynta, med støypte lys, tørka blomster frå hagen, silkeband, eple, perler, girlander av rosiner og papirnett fylte med mandlar. På dei første trea vi kjenner til i Noreg var det brukt nettopp ting frå naturen og pynt ein kunne ete. Og det var lys på trea frå byrjinga av, seier Moe.

Symbolsk pynt

På midten av 1800-talet får den heimelaga papirpynten sin plass på trea, før masseprodusert pynt som julekuler, fuglar, glitter og stjerner frå Tyskland gjer sitt inntog mot slutten av hundreåret. Første verdskrigen sette ein stoppar for eksporten, og Tyskland mista monopolet på å blåse glaskuler.

– Opphavleg var det ikkje symbolikk i juletrepynten, det var ikkje ein kristen tradisjon. Det har blitt slik etter kvart, først og fremst på 1900-talet her i Noreg, fortel Moe.

Treet blei eit symbol på «livets tre», lysa for Jesus, halmfigurar for halmen i krybba, hjarte for Guds kjærleik, kaker for oblat, medan kulene blei symbol på jordkloden og stjerna på Betlehemsstjerna. I byrjinga var trea utan toppynt, men rundt år 1900 kom stjerna og spiret, som symboliserer kyrkjespiret.

– I byrjinga var juletre eit overklassefenomen i Noreg, og fram til rundt 1900 mest utbreidd i byane. På bygda vart prestane viktige for spreiinga av juletreskikken, sidan dei representerte overklassa der.

– Folk på bygda hadde gjerne sitt første møte med juletreet i prestegarden eller på julefestar i skulehuset, seier Moe.

Artikkelen held fram under biletet.

PYNTA PÅ JULAFTAN: Før var det vanleg å pynte treet sjølve julaftan, fortel konservator Anne Kristin Moe ved Norsk Folkemuseum.
PYNTA PÅ JULAFTAN: Før var det vanleg å pynte treet sjølve julaftan, fortel konservator Anne Kristin Moe ved Norsk Folkemuseum.

13. dag eller 20 dag?

I perioden mellom 1900 og 1930 blir juletreet allemannseige. Kva som er populært å hengje på treet går stadig i bølgjer, fortel Moe. Dei norske flagga, som kom i tida rundt unionsoppløysinga, ser til dømes ut til å fått ein liten oppsving i det siste, meiner ho. Det same gjeld det å pynte med fuglar.

– Det er det herlege med jul og julepynt, at ein kan ha ei blanding. Nokre har «styla» juletre, men dei fleste likar ei frodig blanding av arva pynt, gammalt og nytt, seier ho.

Etter gammal tradisjon skal juletreet ut trettande dag jul. Eit kalenderskifte på 1700-talet gjorde at også tjuande dag jul kom inn i biletet. Det skapar forvirring, men også fleire moglegheiter for «rett» dag å kvitte seg med julestasen.

– Eg får spørsmål kvart år om det er trettande eller tjuande dag jul treet skal ut. Begge dagar er legitime dagar å avslutte jula, ler Anne Kristin Moe. (©NPK)

Til toppen