INVITERER TIL OPE MØTE: Varaordførar og Arbeidarparti-politikar Marie Helene Hollevik Brandsdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
INVITERER TIL OPE MØTE: Varaordførar og Arbeidarparti-politikar Marie Helene Hollevik Brandsdal. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Du kan vera med og forma partiprogrammet til Ap

Tysdag får Årdal besøk av Arbeidarpartietss nestleiar i finanskomiteen Marianne Marthinsen, og i den anledning inviterer dei til ope møte på Utla Café og Bar.

  • Endret

Det er ganske så nøyaktig eitt år til kommunestyreval i Årdal, og Arbeiderpartiet er godt i gang med programmet for neste valperiode.

Tysdag vitjar Marianne Marthinsen (Ap) Sogn, og ho skal blant anna ein tur til Sogndal for å sjå nærare på den aktuelle høgskulestrukturen. Vidare går turen til Årdal og teknologisenteret på Hydro før dagen blir avslutta med ope møte 18.30 på Utla Café og Bar, der dei som vil kan ta turen.

– Ho kjem til å halde eit politisk innlegg om det første året med Høgre og Frp i regjering og kva alternativ me kan tilby, seier varaordførar Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap) til Porten.no.

«Kva er viktig for deg?»

Forutan konsert med Andreas Aanmnevik og Frida Tryti Hundshammer, blir det også moglegheit for dei oppmøtte å forma programmet inn mot neste val gjennom gimmicken «Kva er viktig for deg?»

– Me vil gjerne samla årdølene og få innspel til programmet og skapa engasjement. For oss er det viktig å få ut at me vil ha dialog. Dette er noko me kjem til å køyra gjennom heile programperioden, held Hollevik Brandsdal fram.

– Me er godt i gang med arbeidet, men folk kan få vera med og forma Ap sitt program for neste valperiode.

Fokus på næringslivet i Årdal

I tillegg til kjerneområda i partiet, vil dei også ha spesielt fokus på næringslivet i Årdal og korleis det kjem til å sjå ut i framtida.

– Årdal er eit samfunn i endring, og mykje positivt har skjedd og er på gang. Me får frå å vera eit reint industrisamfunn til å få fleire føter å stå på – frå berre å ha ei hjørnesteinsbedrift til å ha fleire store bedrifter som Norsun og Melås, fortel ho.

– Dessuten vil me ha meir fokus på fleire bedrifter innan tenesteyting. Me skal framleis ha trygge og gode arbeidsplassar i industrien, den skal vera viktig. Samstundes er me eit omstillingssamfunn, og me må arbeida for at Årdal skal få fleire føter å stå på. 

– Me satsar tung på næringslivet i Årdal. Det er jo ei politisk prioriteringssak. Når ein skal gå frå å vera eit industrisamfunn, der innbyggjarane er vande til å vera lønsmottakarar, til å få desse til å tenkja på å starta ei eiga bedrift, så tar det tid. 

Til toppen