STOR NOK: Ein påkøyrd grevling er stor nok til at bilistar svingar unna og i verste fall kan skapa trafikkfarlege situasjonar. Ikkje blir det spesielt pent når fleire har køyrd over mindre og mellomstore dyr heller. Foto: Ole Ramshus Sælthun
STOR NOK: Ein påkøyrd grevling er stor nok til at bilistar svingar unna og i verste fall kan skapa trafikkfarlege situasjonar. Ikkje blir det spesielt pent når fleire har køyrd over mindre og mellomstore dyr heller. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Du skal melda frå om du køyrer på denne

Ein grevling låg midt i vegbana på Ljøsne i morgontimane måndag. Sjølv om den ikkje er så stor er du pliktig å melda frå om du køyrer på ein slik.

Lærdal/Årdal: – Du skal ringja til lensmannen eller viltnemnda om du køyrer på ein grevling. Eller kva som helst anna dyr, faktisk er du pliktig til å gjera det, seier lensmann i Årdal, Magne Knudsen.

Dei fleste veit at dei skal melda frå om dei køyrer på hjort, elg eller større dyr generelt.

 Les også: Det kan kosta deg dyrt å stikka frå denne

Men dei færraste tenkjer nok på at dei også skal melda frå om dei køyrer på mindre dyr, som grevling, rev eller også katt.

Kan skapa trafikkfarlege situasjonar

– Ein har det visuelle også. Ser born at det ligg ein ihelkøyrd kattepus i vegen får ein fort ein reaksjon, seier Knudsen.

Fleire bilistar svinga over i andre vegbana for å unngå å køyra på grevlingen som låg hundre meter vest for Joker Ljøsne i vestgåande felt måndag morgon. Slikt kan i verste fall skapa trafikkfarlege situasjonar. 

– Det er viktig at ein melder frå ved påkøyrsle av dyr uansett. I tillegg har det noko med forsikring å gjera - viss det viser seg at bilen har fått skadar i samanstøyten, seier Knudsen. 

Til toppen