Det er ei stund sidan Fiat har hatt ein enkel, mellomstor familiebil på den norske marknaden. Med Tipo har dei no ein stasjonsvogn som, om ho hadde kome for ti år sidan, ville plassert seg i det segmentet folk oppsøkte når dei trong ein bil med praktisk plass. I dag har SUV-ane teke over, og marknaden til den fornuftige stasjonsvogna har blitt vesentleg mindre.
Samtidig er marknaden ikkje utradert. Skoda selde nærmare 4000 Octavia her til lands i fjor, og dei aller fleste av dei var stasjonsvogna. Octavia har akkurat fått ei lita midtlivsoppdatering, der det mest iaugefallande er ein ny front med splitta frontlykter. Kvifor Skoda har valt dette uttrykket, kan ein berre lura på. Resten av modellane til Skoda har ein svært streit front med breie lykter som fellestrekk, noko som byggjer under det kvardagslege imaget til produsenten. Skoda er kjent for å laga heilt vanlege bilar, bilar som langt på veg ser ut som generiske modellar for dei segmenta dei høyrer heime i. No har dei altså valt å skeia litt ut med Octavia.
Artikkelen held fram under biletet.

Dette er ein modell som har levd høgt på å levera som venta, til folk som ønskjer eit fornuftig transportmiddel. Slik sett er bilen eit referansepunkt for dei stødige familiebilane.
Ventar mest av Skoda
Fiat Tipo-utgåva som er testa, har 120 hestekrefter diesel, automatgir og høgste utstyrsnivå, og ein startpris på 280.000 kroner. Ein Octavia med motor i same storleik vil kosta rett under 300.000, noko over med automatgir. Testbilen har ein motor på 150 hestekrefter, og importøren seier at prispåslaget frå den veikare utgåva er så lite, 14.000 kroner, at så å seia alle vel denne utgåva.
Ein skal heilt klart venta mest av Skodaen, som er ein dyrare bil, men det er i utgangspunktet ikkje snakk om veldig store summar i forskjell. Viss testen viser at Fiat Tipo er i nærleiken av den tsjekkiske konkurrenten sin, vil han heilt klart vera eit svært godt kjøp.
Artikkelen held fram under biletet.

Enkelt og greitt interiør
Innvendig er ingen av bilane spesielt heftige, og begge har enkle material. I Skodaen kjenner vi att layouten frå hyllene til Volkswagen-konsernet, noko som i utforminga til Skoda er funksjonelt og greitt. Byggjekvaliteten er god, og alt er der ein ventar å finna det.
Fiat har gjeve Tipo eit ryddig interiør, der mange av funksjonane er samla på ein peikeskjerm, på same måten som hos Octavia. Sjølve skjermen er av betre kvalitet hos Fiat enn hos Skoda. Han sit høgare, slik at ein slepp å flytta blikket langt frå vegen, samtidig er han meir utsett for direkte sollys, som kan gjera det vanskelegare å lesa.
Mjuke
Seta i Tipo er for flate og korte, her er det lettare å finna seg til rette i Octavia. Den sistnemnde er også noko lenger, dette gjev betre innvendig plass. Men beinplassen i italienaren er heilt grei, og ein skal vera bra elendig til å pakka om ikkje bagasjeplassen på 550 liter held.
Artikkelen held fram under bileta.


Eit problem med Fiaten er at han er relativt tung, godt over 1,3 tonn, Skodaen er noko lettare. Dermed har Fiaten ein del å drassa på under akselerasjon og i svingar. Bilen er mjukt sett opp, noko som gjev bra komfort. Han tek det ujamne utan at det forplantar seg forstyrrande mykje i karosseriet. Du kjenner at han krenger i svingane, men ikkje sjøsjukt mykje.
Skoda har også gått for eit mjukt og dermed komfortabelt oppsett. Men på motorveg i høg fart blei det litt guffent då vi passerte eit lite søkk i vegen – då gjekk demparane i botnen med etterfølgjande ustabilitet.
Frynsete rykte
Køyreeigenskapane er på det jamne for begge bilane. Med større motor og lågare vekt blir Octavia naturlegvis ein god del kjappare. Men Fiat er gode på dieselmotorar og det er bra trykk i mellomregisteret, slik at forbikøyringar er heilt uproblematisk.
Ikkje overraskande er Octavia jamt over ein betre bil, men kanskje ikkje så mykje betre som ein på førehand som skulle tru. Tipo byr på mykje ganske god bil for pengane, mens det ikkje lenger er slik at Skoda er eit rimeleg merke. Ein velutstyrt Octavia er langt frå ein billeg bil.
Ryktet til Fiat er ganske frynsete, noko som vil vera ei utfordring sidan det ikkje er mangel på konkurrentar i denne familiebilmarknaden. På den andre sida er det ikkje umogleg å forandra på slike ting. Bilmerket Skoda var jo symbolet på ein skikkeleg skitbil for nokre tiår sidan. I dag er det eit merke som kultureliten i Ullevål Hageby heilt naturleg køyrer med.