Dugnadsarbeid for å halda Lærdal reint

Omlag 30 personar deltok i reingjeringsaksjonen "Hald Lærdal Reint" torsdag ettermiddag. Tilsaman fylte dei nesten ein heil container med søppel. 

Lærdal: Idrettslaget, Turlaget og det lokale Røde Kors Hjelpekorpset samla torsdag ettermiddag ivrige lærdøler for ein felles ryddeaksjon i sentrum og langs hovudvegen.  

Både politikarar, frivillige, små og store møtte opp då det vart arrangert ein felles vårreingjering i kommunen. 

Les også: Vil halda Lærdal reint

– Omlag 30 personar deltok og me plukka nesten ein full container, skriv Trond Einemo. 

Søppelsekkar og hanskar

Lærdal kommune støtta aksjonen med søppelsekkar og hanskar og Simas haldt ope miljøstasjonen ekstra lenge torsdag ettermiddag.

Både private og skulane i bygda vart på førehand oppfordra til å ha dugnad i sitt nærmiljø. Lærdalsøyri skule fekk utdelt roder på førehand.

Dei prioriterte områda på Lærdalsøyri var friluftsområda, som til dømes Hedler, badestranda og elvegranden. Elles vart det plukka søppel i område der det låg mykje rot.

Dei tre foreiningane oppfordrar og alle private og bedrifter i Lærdal til å rydde søppel frå sine eigedomar same dag. 

Til toppen