Sogndal: I går var over to hundre frivillige samla på Quality Hotel i Sogndal for å få instruksjonar på kva dei skal gjere under fjellsportfestivalen denne veka.
– Eg blir heilt rørt når eg ser alle sammen komme inn her. Eg visste ikkje at dei var så mange. Det er heilt vilt, seier festivalsjef Ragnhild Fagerslett.
Les også: Ingen panikk for Fjellsportfestivalen: – Festival blir det uansett

Stor pågang
Ho seier det i år er rekordoppslutning om det frivillige arbeidet. I januar vart pågangen så stor at dei måtte dei stenge påmeldinga.
– Enno er det folk som ringer og har lyst til å hjelpe til, seier Fagerslett.
I morgon brakar det laus, med skiballett i sentrum som opningsseremoni. Deretter går det slag i slag med turar, konkurransar, kurs, føredrag, stand-up og konsertar fram til søndagen.
Ikkje berre slit
Den frivillige innsatsen er limet som gjer at alt heng saman.
– Det hadde ikkje fungert utan. Det er så mange arrangement, på så mange forskjellige plassar, at vi er heilt avhengige av folk, seier Fagerslett.
– Og så har vi lyst til å ha mange frivillige, slik at dei ikkje må jobbe heile tida. Vi ønskjer sjølvsagt at dei òg skal ha tid til å vere med på festivalen og lage fest i Sogndal, seier ho.