Sogndal: Den 31. mai er det duka for ein skikkeleg fylkesduell i tredje runde av cupen. Då reiser Sogndal til Florø for å prøve å ta seg vidare til fjerde runde.
Etter ni kampar ligg nyopprykka Florø på ein grei 9. plass i førstedivisjon, med fire lag bak seg på tabellen. Etter ein god start har dei slitt litt dei siste kampane og står no med tre strake tap i serien, to av dei på heimebane.
Les også: Sogndal sleit seg vidare i cupen
Les også: Hovland spelte 90 minutt mot Bodø/Glimt
Med 5-1 siger heime tok Florø seg overbevisande forbi Fana i førre cuprunde. Sogndal måtte slite litt meir, men rodde til slutt i land ein 2-0 siger borte mot Raufoss.
Sist laga møttest i cupen var i 2012. Andredivisjonslaget Florø vann 3-0 og detonerte med det ei aldri så lita cupbombe i første runde. Med andre ord er det eit revansjesugent Sogndal som tek turen til kystbyen denne gong.
Her kan du sjå korleis alle kampane i tredje cuprunde blir spelt:
- Kjelsås – Aalesund
- KFUM Oslo – Molde
- Ull./Kisa - Lillestrøm
- Kongsvinger – Sarpsborg 08
- Mjøndalen - Strømsgodset
- Ørn Horten – Vålerenga
- Notodden – Stabæk
- Flekkerøy – Odd
- Egersund – Haugesund
- Nest-Sotra - Brann
- Jerv - Åsane
- Florø - Sogndal
- Ranheim - Kristiansund
- Levanger – Rosenborg
- Bodø/Glimt - Elverum
- Fløya – Tromsø