HISTORISK SUS: Etter ein litt treig start står Årdal FK no med to strake sigrar. I kveld skal dei prøve å forlenge rekka mot erkerivalen Høyang. Foto: arkiv.
HISTORISK SUS: Etter ein litt treig start står Årdal FK no med to strake sigrar. I kveld skal dei prøve å forlenge rekka mot erkerivalen Høyang. Foto: arkiv.

Duka for klassisk industriderby: – Me kallar dei vetle-Årdal

Årdaltrenar Ivan Øy fyrer opp stemninga før det prestisjetunge oppgjeret mot Høyang.

Årdal: Det blir topp mot botn når Årdal tek imot Høyang i dag , fredag. Men trenar Ivan Øy trur tabellsituasjonen betyr mindre enn den interne rivaliseringa og det historiske bakteppet. 

– Eg høyrer alle seier det, at det blir enkelt. Men det er skummelt å sjå på tabellen og tru at det er ferdig utrekna, seier han.

PRESTISJEKAMP: Trenar Ivan Øy har sjølv vore spelar og veit kor mykje som står på spel mot rivalane frå Høyanger.
PRESTISJEKAMP: Trenar Ivan Øy har sjølv vore spelar og veit kor mykje som står på spel mot rivalane frå Høyanger.

For det første har dei har rota ein del sjølve i starten av sesongen. For det andre møter dei eit lag som er desperate etter poeng. Den historiske ramma gjer det berre ekstra vanskeleg å spå utfallet. Øy trur det blir som ein cupkamp, der alt kan skje.

– Årdal og Høyanger er to like samfunn, med to like folkeslag som går veldig godt overeins. Men når vi møtest på fotballbana blir det ekstra kniving. Vi kallar Høyanger for Vetle-Årdal, det likar ikkje dei å høyra, seier Øy.

Les også: Øy vart utvist då Årdal tok årets første siger

Som spelar hugsar han at det alltid vart tette kampar dei to laga imellom. Sjølv om det var visse unnatak.

– Eg hugsar då vi møtte dei i 1997, eg trur det var 16. mai. Vi kom under 1-0 tidleg på heimebane. Vi var rekna som store favorittar og hadde «Krossen» som trenar. Kampen enda til slutt 10-1 til oss. Berre for å minna dei på den, seier Øy.

Han tykkjer oppgjeret mot Høyang illustrerer kvifor Kretsligaen har vore ei positiv nyvinning: ein kamp mellom topp og botn blir likevel interessant.

– Som eg har sagt før, eg trur det vil heva både interessa og nivået på fylkesfotballen. Vi såg det òg sist når vi spelte mot Sogndal 2, som eg vil seie var rimeleg bra nivå på ein fjerdedivisjonskamp. Det kjem til å bli kniving heile vegen, seier Øy.

Til toppen