LOKALOPPGJER: Andreas Hestetun og Jotun skal barka saman med naboklubben Årdal 2 neste sesong. Foto: Ole Lindstrøm Bolme.
LOKALOPPGJER: Andreas Hestetun og Jotun skal barka saman med naboklubben Årdal 2 neste sesong. Foto: Ole Lindstrøm Bolme.

Duka for lokaloppgjer i Årdal

Ettersom Veitastrond har takka nei til opprykk frå 5. divisjon, får Jotun behalda plassen sin. 

Og sidan Årdal 2 rykka ned frå 4. divisjon, betyr det at det er duka for lokalderby i Årdal neste sesong. 

5. divisjon består i dag av to avdelingar med ni lag kvar. I utgangspunktet skulle det laget som kom sist på tabellen i dei to avdelingane ned ein divisjon til 6. divisjon. 

Eitt av desse laga skulle ha vore Jotun, som kom sist med berre to poeng denne sesongen, men sidan det berre rykka ned eitt lag frå Sogn og Fjordane frå 3. divisjon, og Veitastrond har takka nei til opprykk og må starta i 6. divisjon, får Jotun behalda plassen sin

– Det fekk me telefon om frå kretsen i dag, seier sportsleg leiar i klubben Arne Håkon Laberg til Porten.no.

Duka for lokalderby

Det betyr at det er duka for lokalderby mot andrelaget til Årdal neste sesong. Dei kom på sisteplass i 4. divisjon i sesongen som var med elleve poeng.

Artikkelen held fram under biletet.

SPORTSLEG LEIAR: Arne Håkon Laberg.
SPORTSLEG LEIAR: Arne Håkon Laberg.

– Slik det er no på papiret vil jo Årdal Fotballklubb har eitt lag i 3. divisjon og eitt lag i 5. divisjon. Og i og med at Jotun blir ståande i 5. divisjon, er det duka for lokalderby neste sesong viss ein ikkje på nokre andre ting på vegen dit.

– Det gjeld både samarbeid og andre løysingar. Det kan godt henda, seier Laberg.

For få spelarar

Trenden i fylket er at stadig fleire tettstader trekk seniorlaga sine på grunn av mangel på spelarar. Det er eit faktum at også seniorlaga i Årdal har hatt det problemet denne sesongen. 

– Slik me såg det i fjor, så var det fornuftig å ha tre seniorlag i bygda ut frå den mengden som skulle spela fotball. Det kan kanskje verka som det vert færre i inngangen til neste år, men det gjenstår å gå og telja opp.

– Og den oppteljinga bør me antageligvis gjera saman med Årdal Fotballklubb, som òg har eit seniottilbod, seier han og understrekar at Jotun uansett berre vil vera eit breiddetilbod. 

Resultata ikkje det viktigaste

Difor hadde det sannsynlegvis ikkje spelt ei stor rolle dersom laget rykka ned. 

– Ut frå den poengfangsten, hadde det nok vore like greitt om me spelte i 6. divisjon, men går ein inn og ser på kampane, så er det ikkje så alvorlege siffer bortsett frå nokre kampar. 

– Det er klart at slik er det når det skal vera eit tilbod, og der ein ikkje er så voldsom hard på å gjera tilbodet smalt. Nokon spelarar valde å satsa med Årdal Fotballklubb, som har eit tilbod på eit høgare nivå, og det er jo heilt flott. Slik vart det i år, men eg trur dei hadde det kjekt og koste seg i laupet av sesongen likevel.

Til toppen