Indre Sogn: – Vi startar klokka tre, så går det slag i slag resten av veka, seier Håkon Wåseth, leiar i Hafslo skyttarlag, som saman med skyttarlaga i Sogndal og Aurland er arrangørar for det gigantiske stemnet.
Heile 1200 utøvarar skal skyte frå tysdag til laurdag i det som er andre runde i norgescupen, eller Frende Cup som det no heiter. På tilsvarande stemne for ni år sidan bikka dei tusen deltakarar.
Viss ikkje det renn på med avmeldingar, skal det mykje til for at den rekorden ikkje blir slått. Til samanlikning trekkjer Lerum Cup, det tredje største skyttarstemnet i Norge, «berre» 800 deltakarar.
– Dette er mykje større, samstundes som veldig mange av dei absolutte toppskyttarane kjem, seier Wåseth og nemner mellom anna skyttarkonge frå 2013, Kim-Andrè Lund, som tjuvstarta stemnet allereie søndag.
- Les også: Utteken til VM og EM: – Det har vore målet
- Les også: Slo deltakarrekorden under eit døgn etter at påmeldinga opna
For mange av skyttarane er norgescupen ein perfekt sjanse til å ta siste finpussen før landsskyttarstemnet, som startar i Førde torsdag.
– Sjølvsagt er det ein fordel for oss å ha cupen veka før uka landsskyttarstemnet startar for fullt. Det er ei gjennomfartsåre for veldig mange av dei som skal delta i Førde og mange stoppar hos oss før dei køyrer vidare, seier Wåseth.