Tyin/Filefjell: I helga går for første gong snøballfestivalen Dukk! av stabelen på Tyin-Filefjell.
– Dukk! er tidenes snøballkrig på Tyin–Filefjell, fortel Øyvind Ekerbakke Stende som er ein av initiativtakarane til festivalen.
Dette er første arrangement i regi av ein gjeng unge vaksne vangsgjeldingar som brenn for Tyin-Filefjell.
Ung på Filefjell
Saman med fem andre har Stende starta nettstaden Ung På Filefjell, der dei arbeidar med aktivitetar og hendingar i Vang.
Reglane er enkle; Treff alle motstandarane med snøball eller stel lagflagget deira, så vinn du.
– Eit par av oss har vore på Yukigassen i Vardø og vi er inspirert av både snøballkrigen og folkelivet der. Dette vert den einaste snøballkrigen i sitt slag her i Sør–Noreg, fortel Stende.
Premie til vinnarlaget
Det er seks deltakarar per lag, og aldersgrensa for å delta er 16 år. Skiheisen på Tyin-Filefjell stiller med sesongkort til alle seks på vinnarlaget.
– Helga vert også mykje meir enn berre ein snøballkrig. Det er trass alt festival, så det vert både øl-telt, matservering og fest, forsikrar Stende.