Årdal: Tordag var det duka for utdeling av kulturprisen i Årdal kommune. Prisen vart delt ut av ordførar Arild Ingar Lægreid og rådmann Olve Fossedal, med heile kommunestyret til stades.
Kulturprisen gjekk til Odd Sigmund Høl og Ole Magnar Nundal, to viktige bidragsytarar til musikklivet i Årdal i 50 år. Dei var med i Årdal viseklubb frå midten av 1970-talet, og har sidan spelt i dei fleste sjangrar. Dei har stilt opp for teatergrupper, kor, revyar og korps, i tillegg til sine eigne prosjekt.
– Eg er audmuk og stolt over å ha fått denne utmerkinga, sa Odd Sigmund Høl i takketalen.
Han trudde først det var ein selgar då ordføraren ringde for å opplysa om tildelinga, så han gadd ikkje svara. Då han skjønte det var frå kommunen, valde han likevel å ringa opp att.
Kompanjongen var ikkje mindre ovveraska.
– Det har gitt meg utruleg mykje glede å driva med musikk, og få lov til å ha det som hobby. Som Odd Sigmund er eg utruleg stolt over å få denne æra. Det er ein dokumentasjon på at lokalsamfunnet òg har sett pris på det me har drive med, sa Ole Magnar Nundal i takketalen.