Dyktig ungdom på UKM

Det var god stemning laurdagskvelden, då UKM gjekk av stabelen i Lærdal. 

Lærdal: Laurdag var det UKM i Lærdal, der det var heile 63 påmeldte i år. Dette er ein festival der ungdommar kan delta med alle slags kulturutrykk. Lokalmønstringa i Lærdal var open for alle ungdommar i alderen 10 til 20 år.

På UKM kan ein opptre på scene, men ein kan også delta med kunstverk til utstilling. I Lærdal var det mange ulike innslag.

Juryen sin utveljing skjer på grunnlag av originalitet, kreativitet, publikumskontakt og kvalitet. Premien for dei som går vidare er å få stå på ei enda større scene og treffe ungdommar frå andre delar av landet.

Det var utruleg mange flinke ungdommar og nivået var høgt.

Desse gjekk vidare

I Lærdal gjekk 13 deltakarar vidare til fylkesmønstringa, som skal vere i Førde 2 og 3 april. Då skal dei representere Lærdal.

På visuell kunst var det 35 innslag. I dette feltet gjekk Ingvar Rudningen Opdal, Eirin Hamre, Marcus Sørensen, Margit Brooks og Synne Bentås og Othilie Olsen Einemo vidare.

Bandet Twang junior gjekk vidare, samt at dei fekk publikumsprisen. Dei som er med i bandet er Andrine Haugen Hagheim, David Hunderi, Eirik Henriksen, Melina Mo, Samuel Eines og Sara Henriksen.

Artikkelen held fram under biletet. 

PUBLIKUMSPRISEN: Bandet Twang junior gjekk vidare i UKM, i tillegg fekk dei publikumsprisen.
PUBLIKUMSPRISEN: Bandet Twang junior gjekk vidare i UKM, i tillegg fekk dei publikumsprisen.

Dei andre som gjekk vidare innan sjangeren musikk var Knut Isdal Lindstrøm med måneskinsonaten nr 3. Duoen Synne Bentås på piano og Frøya Pixie Williams på vokal. Marit Lovise Rode gjekk vidare med fin song, samt gruppa Band.

Til toppen