Frå 1. desember i år skal det vera på plass tretten tårn som skal kunna løysa ut kontrollerte snøras på ein rasutsett del av fylkesvegen, fortel Firda.
Medan vegen er stengd, skal rasa sprengjast vekk med dynamitt.
– Systemet fungerer slik at snøfonner som etter kvart kan losna og bli til eit skred blir sett i bevegelse på eit planlagt tidspunkt, seier byggjeleiar Edvin Rye i Statens vegvesen.
Han håpar tiltaket vil auka trafikktryggleiken og gjera det meir føreseieleg å ta seg fram for trafikantane som brukar fylkesveg 53 om vinteren.
Det er første gongen metoden blir innført som fast sikringsmetode på ein veg i Noreg, men i Sverige og Austerrike er systemet mykje brukt, skriv avisa. (©NPK)