UTTEKEN: Mathias Dyngeland er utteken på U21-landslaget. Foto: Halvor Farsund Storvik.
UTTEKEN: Mathias Dyngeland er utteken på U21-landslaget. Foto: Halvor Farsund Storvik.

Dyngeland på U21-landslaget

Sogndal-keeperen i troppen til Leif Gunnar Smerud.

Sogndal: Sogndal-keeper Mathias Dyngeland er teken ut i U21-landslagstroppen til Leif Gunnar Smerud. 

U21-landslaget skal møte Serbia borte og heime den 11. og 15. november. Noreg må vinne desse kampane for å kvalifisere seg til EM.

Elles er tidlegare Sogndal-spelar, Even Hovland, utteken på A-landslaget som skal møte Tsjekkia. 

Til toppen