FLAUM: Forskarar ved Uni Research håpar alle fylkeskommunane i landet får på plass ein lokal klimamodell som i detalj viser kva plassar som er mest utsett for ekstremvêr. Biletet er frå Utladalen i Årdal, i oktober 2014. Arkivfoto
FLAUM: Forskarar ved Uni Research håpar alle fylkeskommunane i landet får på plass ein lokal klimamodell som i detalj viser kva plassar som er mest utsett for ekstremvêr. Biletet er frå Utladalen i Årdal, i oktober 2014. Arkivfoto

Dyrare forsikring for dei vêrutsette

Bur du på ein stad som er utsett for ekstremvêr, kan du få dyrare forsikring i tida som kjem.

Hordaland fylkeskommune får ein lokal klimamodell som i detalj viser plassane som er mest utsett for ekstremvêr i fylket. Forskarar ved Uni Research og Bjerknessenteret i Bergen lagar modellen. Dei håpar alle fylkeskommunane i landet skal få liknande kunnskap.

– Dei dataa som kommunane brukar i planleggingsarbeidet i dag er altfor dårlege. Og klimamodellane som FNs klimapanel brukar er så lite finmaska at Vestlandet blir sett på som ei felles sone. Men me veit jo at til dømes nedbørsmengdene kan variere dramatisk innanfor ein og same kommune, seier klimaforskar Erik Kolstad, som leier arbeidet med den nye modellen, til Bergens Tidende.

Forsikringsselskapa vil bruke kunnskapen om dei lokale vêrforholda. Tryg allmennyttige stiftelse støttar prosjektet med 600.000 kroner.

– Me har ei eigeninteresse av å kartleggje dei lokale plassane som er mest utsett for ekstremvêr. Dette er også kunnskap me vil bruke i prisdifferensieringa til kundane seier Steffen Gjørva, skadedirektør i Tryg og styremedlem til stiftinga, til avisa.

(©NPK)

Til toppen