FRITIDSBUSTAD:  Dei fleste ønskjer framleis å kjøpa gardsbruk for å driva jordbruk, men det er likevel fleire enn før som ønskjer å kjøpa gardsbruk for å bruka det som fritidsbustad. Illustrasjonsfoto: Kyrre Lien / NTB scanpix / NPK
FRITIDSBUSTAD: Dei fleste ønskjer framleis å kjøpa gardsbruk for å driva jordbruk, men det er likevel fleire enn før som ønskjer å kjøpa gardsbruk for å bruka det som fritidsbustad. Illustrasjonsfoto: Kyrre Lien / NTB scanpix / NPK

Dyrare og dyrare å kjøpa landbrukseigedommar

Dei siste fem åra har det vore ein kraftig vekst i prisen på landbrukseigedommar her i landet.

Det fortel Nationen som har sett nærmare på nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Av tala går det fram at det i fjor blei det omsett 2.800 landbrukseigedommar i fritt sal til ein snittpris på 2,14 millionar kroner. Det er ein auke på 46 prosent frå 2010, då prisen i snitt var 1,46 millionar kroner.

Dagleg leiar Christian Anton Smedshaug i AgriAnalyse, meiner årsaka til den kraftige prisveksten heng saman med skattesystemet regjeringa har innført og med oppmjuking av regelverket rundt sal av jordbrukseigedom.

Auka press på bustadprisane kan vera ei anna årsak, meiner han.

– Det er mange utbyggjarar som ser på moglegheitene for å byggja på landbrukseigedommar, seier han, og legg at landbrukseigedommar nær tettbygde strøk er spesielt attraktive.

Statistikken viser elles at dei fleste framleis vil kjøpa landbrukseigedommar for å driva gard, men det er likevel fleire enn før som kjøper gardsbruk for å ha det som ein fritidsbustad. Smedshaug meiner dette er noko vi kan koma til å sjå meir av.

– Det norske folk er ekstremt eigedomsorienterte. Vi har ein sterk hyttemarknad, og det kan smitta over på landbrukseigedom. For nokre som ser etter ei hytte på mellom 5 og 10 millionar kan eit lite småbruk vera eit alternativt kjøp, seier han.
 

Til toppen