DYRARE RÅDMANN: Samla kosta rådmennene i dei 428 kommunane over 400 millionar kroner. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
DYRARE RÅDMANN: Samla kosta rådmennene i dei 428 kommunane over 400 millionar kroner. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Dyrare rådmenn

Rådmennene i kommunane tente i gjennomsnitt 950.000 kroner kvar i fjor.

Indre Sogn: Dei har òg hatt vesentleg større lønnsvekst enn andre kommunetilsette dei siste åra, viser eit oversyn som KS, interesseorganisasjonen til kommunane, har laga.​

Samla kosta rådmennene i dei 428 kommunane over 400 millionar kroner. Lønna veks med kommunestorleiken, og i kommunar med over 35.000 innbyggjarar tente rådmennene i gjennomsnitt 1,27 millionar kroner i fjor.

Lønnsveksten blant tilsette i kommuneforvaltinga i perioden 2009– 2015 var på 23,7 prosent, men for rådmennene var auken vesentleg større. Dei fekk 34,3 prosent meir i lønn.

– Men dette kjem i stor grad av det kvart år er ein del rådmenn som går av og andre som kjem til. Desse har ulik lønn, og dette påverkar lønnsveksten, skriv fagsjef Eirik Solberg i KS, ifølgje Bergens Tidende. (©NPK)

Til toppen