KRAFT: – Arbeidarpartiet står opp for dei kraftforedlande verksemdene i Bremanger, Høyanger og Årdal, og vil aldri godta svekka vilkår for desse som følgje av ny linje gjennom fylket, skriv Hilmar Høl og Ingrid Heggø. Foto: Arkiv.  
meiningar
KRAFT: – Arbeidarpartiet står opp for dei kraftforedlande verksemdene i Bremanger, Høyanger og Årdal, og vil aldri godta svekka vilkår for desse som følgje av ny linje gjennom fylket, skriv Hilmar Høl og Ingrid Heggø. Foto: Arkiv.   (Foto: Truls Grane Sylvarnes)
meiningar

Dyrare straum, meir byråkrati

Les lesarinnlegget til Ingrid Heggø, stortingsrepresentant (Ap) og Hilmar Høl, leiar i  Sogn og Fjordane Ap.

  • Endret

Stryn Energi, Sunnfjord Energi, Luster Energiverk, Årdal Energi, Lærdal Energi, Sognekraft og Aurland Energiverk er døme på selskap som får auka kostnader med såkalla «funksjonelt skilje».

Det handlar om at tilsette ikkje lenger kan ha delte stillingar mellom tenesteområde som marknad, produksjon, fiber og fjernvarme.

EU har krav om slikt skilje for selskap med over 100 000 kundar, noko som ville gjelde berre åtte norske selskap. Med støtte frå Venstre og MDG har H/Frp-regjeringa derimot sytt for at kravet skal gjelde alle!

Sentralisering

Arbeidarpartiet ser dette som ledd i sentraliseringspolitikken og jaget etter meir «robuste» einingar same kva. Følgja kan bli at dei små, lokale selskapa forsvinn saman med arbeidsplassar og kompetanse.

Svekka fagkompetanse vil òg ramme beredskapen. Grepet vil i tillegg råke kundane på to måtar: Færre krafttilbydarar gir mindre konkurranse og dyrare straum.

Kundane i Sogn og Fjordane vil òg tape når fiberutbygging i regi av mindre lokale nettselskap stoppar opp. Mindre konkurranse gir nemleg mindre motiv for slik utbygging hjå dei store, sentrale aktørane.

Øre blir millionar

Vedtaket kom i samband med Stortinget si handsaming av Reitenutvalet, som hadde jobba med spørsmål kring straumlevering. Den andre omstridde saka gjaldt framtidig kraftpris for industrien.

Arbeidarpartiet står opp for dei kraftforedlande verksemdene i Bremanger, Høyanger og Årdal, og vil aldri godta svekka vilkår for desse som følgje av ny linje gjennom fylket.

Heller ikkje ei bagatellisering av «eit påslag på nokre få øre». Det utgjer fort rundt 10 mill. kr og tilsvarande svekka konkurranseevne. Her har jamvel Sp og KrF eit forklaringsproblem.

Kundane må betale

Årsmøtet til Sogn og Fjordane Arbeidarparti peikte på desse uheldige konsekvensane, og fekk full støtte hjå partiet sentralt.

Arbeidarpartiet røysta difor imot kravet om funksjonelt skilje i Stortinget, og argumenterte med at det gjer drifta dyrare, systemet meir byråkratisk, samtidig som ein ikkje får nytta fagkompetansen på ein god måte.

Regjeringa har heller ikkje svart på spørsmåla våre om langsiktige konsekvensane og totalkostnad. Ein rapport frå Distriktenes energiforening viser til gjengjeld ein samla kostnaden over ein tiårsperiode på heile 4,6 mrd. kr. Dette må bedriftene og folk flest betale.

Stortingsvalet viktig

Heldigvis skal ikkje funksjonelt skilje setjast i verk før i 2021. Det er val neste år, og vedtaket  må gjerast om. Samarbeidskomiteen LO/Ap i Sogn og Fjordane har alt sendt framlegg om dette til programnemnda i Arbeidarpartiet, og har full støtte i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Det handlar om å både ta vare på dei arbeidsplassane vi har, og å skape nye. Difor slær Arbeidarpartiet ring rundt dei små kraftselskapa og dei store  industrilokomotiva i Sogn og Fjordane.

Til toppen