Årdal: Veterinær Liv Romøren ser behov for utviding av dyreklinikken på Årdalstangen. No skal ho flytta inn i eit større lokale med eige laboratorium og operasjonssal.

Årdal Dyreklinikk åpna for seks år sidan og har sidan då heldt til i tredje etasjen i Statsråd Evensen veg. Dette har budd på sine utfordringar, både for mottak av varer, men også for kundar som skal ta med dyr i bur opp trappene.
– Det er jo heis her, men den er det ikkje alle som veit om, eller alle som likar så godt heller, seier Romøren, og refererer til dyr som kan bli redde i heis.
- Les også: Elevane sel kaker for dyr i nød
- Les også:Har fjerna villreinflokken i dei smitta områda i Norfjella
Det nye bygget i Tangevegen 18, kor lokalhandelen Lærdalsmat heldt til før, er større og på eitt plan, med tilgang rett frå gata.
– I det nye lokalet vil det mykje betre ettersom det ligg på gateplan, i forhold til både tilkomst med parkering og folk og trapper.

Årsaka til flyttinga er enkel: – Me treng større plass, rett og slett.
Romøren ser fram til å innføre meir utstyr, spesielt tannutstyr og tannrøntgen, men også å byggje ut eige laboratorium og eigen operasjonssal. Dette vil vera ein stor kontrast til den noverande klinikken kor alt er i eitt.
– Då blir det moglegheiter for å kunne ta ismot dagpasientar, og ein kan overvåke dyr som må vere inne for observasjon, utover dagen. I motsetnad til no.
Flyttinga skal skje i pinsehelga, og Romøren satsar på å vera oppe og går igjen veka etter.
Auke av smådyr
Sidan oppstart i 2012 har det blitt jamnt fleire som nyttar den lokale dyreklinikken, men i den siste tida har Romøren lagt merke til ei auke.
– Det er berre éin dyreklinikk her i Årdal, og når du får eit tilbod så blir det ofte til at folk brukar det meir og meir. Eg har og sett ein auke av privateigde smådyr. Det er utruleg mykje både hundar og kattar her i Årdal. Det er litt kaniner, hamster og marsvin, samt ein og annan fugl her og der.
Romøren har spesialkompetanse i hovudsakleg smådyr, men har arbeidd kombinert med stordyr tidlegare. Som einaste veterinær i Årdal, får ho til tid og anna andre oppdrag:
– Det er litt hestar her, som eg besøker av og til. Så er det nokre bønder som bur i nærleiken her som eg er fastlege for. Så eg får drive litt stordyrpraksis også.