VETTI: Dyreeigarane Sigmund Sørum og Ida Østvold på veg inn til Vetti med dyra. På biletet er også Leif Sørum, far til Sigmund.
VETTI: Dyreeigarane Sigmund Sørum og Ida Østvold på veg inn til Vetti med dyra. På biletet er også Leif Sørum, far til Sigmund.

Dyreliv i Avdalen og Vetti

Det vert også denne sommaren dyr i Avdalen og Vetti. Etter suksessen i fjor, er det no også kviger på Vetti Gard.

Årdal: Det var ein fin sommar i fjor med dyreliv både i Avdalen og Vetti. Denne suksessen blir vidareført i år, så no er det dyr på plass att, ved inngangsporten til Jotunheimen.

- Me hadde samme opplegg i fjor og var veldig nøgde med det, seier Rigmor Solem.

Poenget med dyr i Avdalen og Vetti er å nytte graset som veks der.

- Me sparar arbeid for dei som jobber der med slåtten. Dei sleg no gras berre av og til, slik at det ikkje skal vere ujamnt.

Dyreliv

Erling Offerdal har i årevis hatt sauer i Avdalen. No har han fått opp 20 sauer der på beite.

- Erling Offerdal sine sauer har komme på plass i Avdalen. Dette synast eg er veldig flott, seier Solem.

Artikkelen held fram under biletet

AVDALEN: No er det kommen sauer i Avdalen. 
AVDALEN: No er det kommen sauer i Avdalen. 

I Vetti skal det vere kviger som skal ha kalv til hausten og nokre kalvar.

- Til no er det 4 vaksne kviger og 2 kalvar der, men det kjem fleire seinare.

I fjor blei kyrne køyrd inn til Vetti, men i år gjekk dei 4,5 kilometer for å komme seg til beite.

- Kyrne gjekk framover vettisgjelet frå Skåri. Dei var skeptiske til brua og dusjen frå avdalsfossen, men turen gjekk veldig fint. Både menneske og dyra synast det var ein behageleg tur.

Ho legg til at kvigene kjem frå Valdres.

Det er statens naturoppsyn som skal passe på at alt blir gjort riktig.

- Blant anna så må me passe på at dei er skikkeleg inngjerda, seier Solem.

Kjekt med dyr

Avdalen og Vetti er to ynda turmål for både store og små. Mange tilreisande kjem også hit, då mektige Vettisfossen med eit fritt fall på 273 meter, ligg der. Å få oppleve stølslivet og dyra på nært hold er ein bonus for turistar og fastbuande turgåarar. Spesielt for den yngre garde, er det kjekt å få med seg dyrelivet.

- Dette er eit veldig nyttig og spanande prosjekt, både for oss og besøkande, avsluttar ho.

Til toppen