FUNNEN: Denne vesle pusen blei funnen forlatt og dumpa inne i Lærdalstunnelen.
FUNNEN: Denne vesle pusen blei funnen forlatt og dumpa inne i Lærdalstunnelen. (Foto: Privat)

Dyrevernalliansen lovar dusør etter at katt blei dumpa i Lærdalstunnelen

Dusør på 10.000 kroner for tips som kan føra til at saka om kattungen som blei dumpa i Lærdalstunnelen blir oppklart og gjev svar.

Indre Sogn: ­Det seier kommunikasjonsrådgjevar i Dyrevernalliansen, Hanna Lunde, i ei pressemelding.  

– No håpar me at publikum som veit noko melder frå til oss. 

Fann kattunge på gulestripa i Lærdalstunnelen

Det var seint sundag at Dyrevernlaget Indre Sogn rykka ut til Lærdalstunnelen etter melding om at ein kattunge sat på gulestripa inne i tunnelen. 

– Eg blir steike forbanna og frustrert. Det er ingen kattungar som går mange kilometer inn i ein tunnel. Det er så jævlig at folk kan finna på slikt, det er ikkje menneske som gjer slikt, sa leiar i Dyrevernlaget Indre Sogn, Randi Aarethun då. 

LEITEAKSJON: Grethe Jevnaker og Randi Aarethun frå Dyrevernlaget brukte fleire timar på å sjekke om det var fleire kattungar i tunnelen natt til måndag. Foto: Synne Asheim Haga

Dette stadfestar Lunde i pressemeldinga frå Dyrevernalliansen. 

– At ein kattunge har vandra så langt inn i ein tunnel på eiga hand er heilt usannsynleg. Dermed har nokon etter alt å døma, med vitande og vilje, dumpa ein katt på ein stad der det er sannsynleg at ho blir drepen. Dette er eit skrekkeleg og hjarteskjærande eksempel på kattedumping, seier Lunde. 

Dusør for å bidra til å oppklara fleire saker

Å setta dyr i hjelpelaus tilstand er ulovleg. Maksimumsstraffen for brot på dyrevelferdsloven er tre år i fengsel.

DYREVERNALLIANSEN: Kommunikasjonsrådgjevar Hanna Lunde. Foto: Ihne Pedersen/Dyrevernalliansen

No har Dyrevernalliansen oppretta dusørfondet på 10.000 kroner for å bidra til at fleire saker om dyremishandling blir oppklart. Dei har òg eit håp om at nokon kan ha sett eller høyrt om noko som kan føra til oppklaring i denne saka.

– Denne katten var heldigvis i live då dei fann ho. Saka illustrerar likevel eit dystert og omfattende problem: kattar blir dumpa over ein låg sko i ferien, uten fnugg av hensyn til deira eigenverdi, sier Lunde.

Til toppen