ETTER PÅSKE: Heile villreinstammen i Nordfjella må truleg takast ut for å hindre ytterlegare spreiing av skrankesjuka, trur landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp). Foto: Harald Skjerdal.
ETTER PÅSKE: Heile villreinstammen i Nordfjella må truleg takast ut for å hindre ytterlegare spreiing av skrankesjuka, trur landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp). Foto: Harald Skjerdal. (Foto: Arkiv)

Dyrevernarar melder Mattilsynet til politiet for dyremishandling

Grunnen er nedslaktinga av villreinen i Nordfjella, som foreininga omtalar som den verste mishandlinga av ville dyr i Noreg nokon gong.

Nordfjella: Det er dyrevernforeininga Dyrenes Røst som har meld Mattilsynet til politiet. Det melder organisasjonen sjølv i ei pressemelding.

– Mattilsynet grunngjev nedslaktinga med dyrevelferdsomsyn, men ofrar samstundes velferda til 1500 dyr. Dei prøver seg fram for å sjå kor langt tolegrensa kan tøyast, kor lenge dei kan stressast og jagast før det går så hardt ut over dyrevelferda at nedskytinga eventuelt må innstillast. Ein veit allereie at dyr blir stressa av jakt og av helikopter- og snøscootertrafikk, og at simler kan abortera under stress, skriv Dyrenes Røst i ei pressemelding.

Foreininga legg vekt på at skrantesjuke-smitte har eksistert i naturen i årevis utan at nokon har teke forholdsreglar. Dei meiner Mattilsynet sanerer naturen etter same prinsipp som dei sanerer fjøs, utan å tenkja på at naturen ikkje kan isolerast som ein fjøs.
 
I desse dagar driv ein nedslakting av villreinstammen i Nordfjella for å få bukt med skrantesjuka.

Til toppen