STORT HJARTA: Randi Aarethun har eit stort hjarta for dyra som kjem til dei i Dyrevernlaget Indre Sogn. Her med ein av fem kattungar som blei dumpa på Fimreite, og redda i mai.
STORT HJARTA: Randi Aarethun har eit stort hjarta for dyra som kjem til dei i Dyrevernlaget Indre Sogn. Her med ein av fem kattungar som blei dumpa på Fimreite, og redda i mai. (Foto: Privat)

Dyrevernlaget Indre Sogn fortvilar: – Viss ikkje me får fosterheimar snart går det ikkje lenger

Leiar i Dyrevernlaget Indre Sogn, Randi Aarethun fortvilar over at folk verkar til å oversjå katten sitt behov i samfunnet.

Lærdal: – Katt har ikkje same verdi i samfunnet som det hund har. Vårt mål er å forbetra katten sin status, og at folk skal få lyst til å vera fosterheim for katt. Me treng verkeleg fleire av dei, seier Randi Aarethun.

Ho blir oppgitt og frustrert når ho fortel korleis folk behandlar og ser på kattar.

– Den siste tida har me opplevd at fleire kattungar og kattar blir dumpa og forlatt. Sommaren er eit mareritt for då reiser folk vekk frå katten sin, og det er faktisk forbode. 

– ID-merk katten din. 

I tillegg blir ho oppgitt over korleis enkelt katteeigarar ignorerar det som bør vera ei sjølvfølge at ein kvar katteeigar gjer. 

– Folk steriliserar og kastrerar ikkje katten sin, og det er det aller største problemet. Folk må ID-merka dyret sitt. Tenk kor mange dyr me kunne hjelpt og funne eigarane til om dei hadde vore merka. 

DUMPA: Desse fem nøsta blei dumpa i ein kasse midt i vegen på Fimreite tidlegare i år. No ventar alle på ny heim. Foto: Privat

I Dyrevernlaget legg dei til rette for at ein katt som reiser frå dei skal koma godt ut av det i sin nye heim.

– Hjå oss er det påbudt å sterilisera og ID-merka dei. Dei kattene som er vaksne og som reiser frå oss er allereie merka, og dei som tek i mot kattunge forpliktar seg til å gjera dette sjølv, seier Aarethun. 

Veit snart ikkje kva ho skal gjera

I mange år hatt ho hatt eit stort hjarta for det frivillige arbeidet ho driv med.

– No er det 10 år sidan Dyrevernlaget Indre Sogn starta opp. Det er fantastisk å kunna hjelpa, og dei som enno ikkje får oppleva den store kjærleiken det kan vera mellom eit menneske og eit dyr, dei har gått glipp av noko stort. 

Aarethun brenn verkeleg for at folk skal bry seg meir om katten og opna opp heimen sin som fosterheim.

– Me treng frivillige som har tid og engasjement, folk som brenn for dette. Dette er fritid og ikkje løna arbeid, men ein gjer dette fordi ein har hjarta for det. Vårt store problem desse åra er at me ikkje får fosterheim, og no veit eg snart ikkje kva meir me skal gjere, seier ho fortvila.

– Me ynskjer det beste for kattane våre

Ho har prøvd alt, både media, Facebook, og bilete av korleis ståa er hjå enkelte kattar.

– Eg forstår ikkje kvifor me ikkje får fosterheimar når det krevst så lite. Me betalar og dekkar mat, sand, dokasse, og rekningar frå dyrlege. Det einaste folk må stilla med er eit godt hjarta og husrom. 

Jobben til Dyrevernlaget stoppar opp når folk ikkje hjelper til.

– No kjenner eg sjølv at det ikkje går lenger viss ikkje me får hjelp snart, for dette tek på. Det er berre til å ringa viss ein lurer på noko, for me treng både frivillige og fosterheimar. Alt me ynskjer er det beste for kattane våre, avsluttar ho. 

Til toppen