TRENG HEIMAR: Over heile Sogn er det kattar som treng fosterheimar. Dersom ikkje fleire opnar døra si, veit ikkje leiar i Dyrevernlaget Indre Sogn, Randi Aarethun, kor lenge dei klarar å halde det gåande. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
TRENG HEIMAR: Over heile Sogn er det kattar som treng fosterheimar. Dersom ikkje fleire opnar døra si, veit ikkje leiar i Dyrevernlaget Indre Sogn, Randi Aarethun, kor lenge dei klarar å halde det gåande. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Dyrevernlaget: – No er det heilt på grensa

Framleis er behovet stort for fosterheimar for kattar. 

Indre Sogn: Dyrevernlaget i Indre Sogn håpar fleire kan opne heimen sin for bortkomne kattar. Sommar betyr som regel ferie for dei fleste, og då er det ofte kjæledyra som får lide.

– Å reise vekk ei veka eller tre, må vere greitt, men det er mange som tenkjer at det er nok å få nokon til å setja ut mat til katten. Men det nyttar ikkje fordi ein katt som er vand til å vere inne, vil inn.  Då byrjar dei å vandre etter mat og folk, og på denne måten forsvinn dei, seier leiar i Dyrevernlaget, Randi Aarethun.

DYREELSKAR: Randi Aarethun har via halve livet sitt til dyrevelferd. Det krev sitt.
DYREELSKAR: Randi Aarethun har via halve livet sitt til dyrevelferd. Det krev sitt.

Opprørt og fortvila

I vel 25 år har ho hatt eit stort engasjement for dyrevelferd og tatt vare på kattar som både er sakna eller ikkje har ein plass å bu. Dette arbeidet krev sitt. I dag har Dyrevernlaget éin fosterheim dei kan nytta.

– Dyrevernlaget i Indre Sogn dekker altså åtte kommunar, og det er utruleg at det er ingen som kan hjelpa oss. Eg blir opprørt og fortvila, seier ho.

Dårleg planlegging fører ofte til at folk plutseleg innser at eit kjæledyr ikkje var så lurt likevel. Kvart år kjem det fram fleire forferdelege historiar der eigar har prøvd å ta livet av kjæledyret sitt ved alt frå drukning til å slå i hjel dyret. 

Ber eigarane ta ansvar

Dei siste åra har folk i Indre Sogn blitt mykje flinkare til å sterlisere og kastrere kattane sine, fortel Aarethun. Og dette er spesielt viktig.

– Ved å sterilisere og kastrere katten kjem det ikkje fleire katteungar til verda. Det handlar om å vera ansvarsfull eigar, elles blir det aldri slutt på dette problemet. 

Betalar alt

No håpar ho fleire vil opne opp heimen sin for ein katt på jakt etter kjærleik. 

– Dyrevernlaget betalar sjølvsagt for mat, bur og besøk til dyrlegen. Og det går stort sett fint sjølv om ein har dyr frå før. Det spelar også liten rolle korleis ein bur fordi katten gjerne må vere mykje inne i starten uansett, seier ho. 

Aarethun kjem også med gode tips til folk som har tenkt seg på ferie eller vurdere å skaffe seg katt.

– Eg vil anbefale folk å innstallere ei kattedør med microchip, og ikkje minst ID-merking i nakken. Folk er blitt flinkare, men ofte gløymer dei ID-merking. Med eit slikt merke vil det vere mykje enklare for oss å finne ut kven som er eigar. 

Til toppen