ANSVARSFULL JOBB: Randi Aarethun i dyrevernlaget seier det er ein ansvarsfull jobb å ta vare på ein katt, og at ikkje alle vil få lov til å adoptera hos dei.
ANSVARSFULL JOBB: Randi Aarethun i dyrevernlaget seier det er ein ansvarsfull jobb å ta vare på ein katt, og at ikkje alle vil få lov til å adoptera hos dei. (Foto: Privat)

Dyrevernlaget svarar på kritikken etter at dei nekta 80-åring å adoptera kattunge

– Me gjer det beste for katten, viss det er diskriminering, så får det heller vera.

Årdal: Laurdag skriv Sogn Avis om ei 80 år gamal bestemor på Kaupanger som ikkje får adoptera ein kattunge fordi ho er for gamal.

I artikkelen reagerer familien på det dei meiner er aldersdiskriminering frå dyrevernlaget si side, og i kommentarfeltet på Facebook er det mange som støttar kritikken.

– Dyrevernlaget etterlyser stadig nye eigarar til kattar. Me trudde det viktigaste var å skaffa kattane ein trygg og god heim, ikkje kor gamle eigarane er, seier svigerdotter Irmelin Hope Skjerven til avisa.

TRYGG HAMN: Dyrevernlaget brukar mykje krefter på å redda villkattar, samt sørga for at både dei òg andre kattar som treng omplassering får det godt. Sjølv om kapasiten er sprengt er krava likevel strenge til dei som skal adoptera. Foto: May-Ruth Walaker

Leiar i Dyrevernlaget Indre Sogn, Randi Aarethun, tykkjer saka har kome skeivt ut. Ho minner om at kattar kan bli 20 år, gjerne eldre, og at det er eit stort ansvar å passa på dei.

– Me kan gje kattar til eldre menneske, men då kanskje ein eldre katt, eller så må nokon stå parat til å ta over viss eigaren ikkje lenger skulle vera i stand til å ta vare på katten sjølv. Det er slike ting me vil vita på førehand, seier ho.

Les òg: Dyrevernlaget fortvilar over mangel på fosterheimar

Mange får avslag

Det er ikkje lenge sidan dei fekk tilbake ein ti år gamal katt frå ei eldre dame. Dyrevernlaget måtte jobba i vekesvis før dei fann ein ny familie.

– Til slutt måtte me heilt til Oslo, for det er nesten ingen som vil ha ein katt som er ti år, seier Aarethun, som meiner dette demonstrer litt av utfordringa i saka.

Svigerdatter Irmelin Hope Skjerven meiner dyrevernlaget fekk beskjed om dei stod klare til å ta over katten om det skulle bli naudsynt.

– Det var ikkje problemet, problemet var at ho som ville ha katten var for gamal. Det tykkjer eg er synd for det er mykje selskap i ein katt for eldre som bur åleine. Og ein katt er blant dei som er minst arbeid med, seier Hope Skjerven til Porten.no.

 

Aarethun: – Me gjer det beste for katten

Aarethun vil ikkje starta ein ordkrig rundt denne konkrete saka, men ønskjer at folk skal vita at dei har faste reglar og stiller strenge krav.

Til dømes vil folk som bur rett ved vegen i ei 80-sone fort få avslag. Dei som adopterer må òg ha ein økonomi som toler å ta katten til dyrlegen, betala for ormekurar, vaksinasjonar, eller medisinar om han skulle bli sjuk:

– Det er mange som ikkje får katt hos oss. Viss folk blir snurte for det, så beklagar eg, det kan me ikkje gjera noko med. Det er me som driv med dette, og det er me som veit kor skoen trykkjer, seier Aarethun.

Aldergrenser er ikkje uvanlege i samfunnet, men då er det som regel dei yngre som hamnar på feil side. Aarethun tykkjer ikkje ordet «diskriminering» høyrer heime i denne saka.

– Me gjer det beste for katten, viss det er diskriminering, så får det heller vera, seier ho.

Til toppen