FORTVILA: Randi Aarethun har eit stort hjarta for kattar som treng tid og kjærleik, men no er ho fortvila over at det ikkje er nok fosterheimar til alle.
FORTVILA: Randi Aarethun har eit stort hjarta for kattar som treng tid og kjærleik, men no er ho fortvila over at det ikkje er nok fosterheimar til alle. (Foto: Privat)

Dyrevernlagsleiaren fortvilar: – Me kan ikkje ta i mot fleire kattar

Etter eit styremøte har Dyrevernlaget Indre Sogn bestemt at dei må ha inntaksstopp for kattar som går ute og ikkje har ein heim.

Lærdal: – Det forferdeleg trist, dumt, og veldig skuffande, seier Randi Aarethun, leiar i Dyrevernlaget Indre Sogn. 

10-årsjubileum i år 

Dette året har Dyrevernlaget 10-årsjubileum, men fortvilelsen er større enn gleda.

– I alle desse ti åra har me slete med å få fosterheimar til kattar. Me tykkjer det er forferdeleg vondt, men me har ikkje sjans, me kan ikkje trylla, seier ho. 

Kattane det er ekstra vanskeleg å skaffa fosterheimar til er ikkje dei som allereie er tamme og treng ein heim, men slitarane som har gått ut over lang tid, er redde, og treng tid til å bli husvande. 

– Det er ei stor utfordring med desse kattane fordi det tek lang tid å få dei trygge inne i eit hus. 

Folk i Oslo køyrde eins ærend til Årdal

Aarethun seier ho forstår ikkje kvifor fleire i Sogn ikkje vil hjelpa. 

– Me er ein liten gjeng som gjer dette frivilig, men me greier det jo ikkje åleine. Kvifor er det ikkje meir engasjement for å hjelpa her, undrar ho, og fortel om ei hending dei hadde for ei lita stund sidan.

– Me hadde ein katt på Leikanger som hadde gått ute i mange år. Me tok han inn og søkte hjelp, og måtte heilt til Oslo og Foreninga for omplassering av dyr for å få hjelp. På null komma niks hadde me tre damer som ville køyra eins ærend frå Oslo til Årdal for å henta han. Det seier litt om engasjementet der. 

Ho legg til at det ikkje er nok å bidra med kommentarar på Facebook, men at det trengst tiltak i form av å stilla opp som fosterheim. 

– Det er ikkje lenger nok å lika ting, og skriva hjarter. Det må skje noko, og folk må hjelpa oss. Me er ikkje offentleg tilsette som er lønna og driv med dette, me er frivillige og greier det ikkje åleine.

Etterlyser tiltak frå staten 

Aarethun etterlyser òg tiltak frå staten. 

– No må det komma ein lov som seier at kattar skal ID-merkast, steriliserast, og kastrerast. 

Ho seier at folk må tenkja seg om før dei skaffar seg katt.

– For mange er katten kast og bruk diverre. Ein må tenkja framover, og tenkja seg om. Det blir aldri slutt på heimlause kattar så lenge staten ikkje gjer noko med problemet. 

Ho legg til at absolutt alle har like stort ansvar for å ta hand på ein katt om han dukkar opp på døra. 

– Eg må presistera at folk har like stort ansvar som det me i Dyrevernlaget har. Hjelper ikkje folk ein katt som treng det så er det eit lovbrot. Ingen kan sjå på at ein katt svelt i hel, ein må hjelpa til. Har du eit ledig rom, tid, og kjærleik, så ver så snill å hjelp kattane. 

 

Til toppen