POTENSIALE: Medan fleire av nabobygdene har gjort god butikk av bær- og fryktdyrking har ikkje Aurland satsa på dette landbruket i særleg grad. Potensialet kan vera stort. Foto: Jan Christian Jerving.
POTENSIALE: Medan fleire av nabobygdene har gjort god butikk av bær- og fryktdyrking har ikkje Aurland satsa på dette landbruket i særleg grad. Potensialet kan vera stort. Foto: Jan Christian Jerving.

– Dyrking av jordbær har kjempepotensiale 

Medan fleire av nabobygdene har gjort god butikk av bær- og fryktdyrking har ikkje Aurland satsa på dette landbruket i særleg grad. Potensialet kan vera stort.

Aurland: – Det er ikkje mange nok som produserer jordbær for bergensmarknaden. Viss nokon i Aurland ville ha satsa på dette og levert til oss, har me gode kontaktar i Bergen som skrik etter gode, lokalproduserte jordbær, sa Harald Blaaflat Mundal under informasjonsmøtet om bær- og fruktdyrking i Aurland denne veka. 

Han er dagleg leiar i Lærdal Grønt – ei verksemd som har vakse frå fem millionar kroneromsetnad første året, i 1999, til drygt 83 millionar kroner i 2016. Men det stoppar ikkje der, målet er å vekse vidare. 

Artikkelen held fram under biletet

POTENSIALE: Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar i Lærdal Grønt, fortalde kva han meiner har størst potensiale når det gjeld frukt- og bærproduksjon i Aurland – særskild drog han fram jordbær.
POTENSIALE: Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar i Lærdal Grønt, fortalde kva han meiner har størst potensiale når det gjeld frukt- og bærproduksjon i Aurland – særskild drog han fram jordbær.

– Gjeld å få opp produksjonen

Bøndene leverer altså bæra, frukta og grønsakene sine til Lærdal Grønt; der blir dei pakka og seld vidare. Altså legg Lærdal Grønt til rette for  distribusjon, sal og marknadsføring.

Produsentar frå fleire nabobygder leverer til Lærdal Grønt. Men, ingen frå Aurland.

– Me ser jo kva ein har fått til i fleire av nabobygdene, så me ville sjå på moglegheitene for å henta inn potensialet som er her. Og me ser jo på det som blir presentert her at dette kan vera lønsamt, seier næringssjef i Aurland kommune Inge Håvard Aarskog.

Difor tromma felles landbrukskontor for Årdal, Lærdal og Aurland til informasjonsmøte om frukt- og bærdyrking i Aurland førre veke. Landbrukssjef Magnhild Aspevik fortalde om kommunale tilskot og tilskotsordningar hjå Innovasjon Norge.

– Det er stor etterspurnad etter frukt og bær, så det gjeld å få opp produksjonen, sa ho.

Artikkelen held fram under biletet

GODT OPPMØTE: Om lag femten tilhøyrarar var til stades under informasjonsmøtet om moglegheiter for dyrking av frukt og bær i Aurland.
GODT OPPMØTE: Om lag femten tilhøyrarar var til stades under informasjonsmøtet om moglegheiter for dyrking av frukt og bær i Aurland.

– Små gardar – gjeld å ha ei viss avkasting per dekar

Aspevik synte også nyttige verktøy for dei som dyrkar eller vil dyrka; mellom anna eit kart som er under utvikling og vil syna korleis solinnstrålinga er med tanke på kor eigna ulike areal er for dyrking. 

– På grunn av fjella er lyset kritisk på hausten for å få modna fram frukt, sa Aspevik.

Dyrkingstilhøva i Lærdal er altså generelt gode for frukt- og bærdyrking – det har historia vist. Tørt klima og fjell som «held på» varme frå sola nede i dalbotnen er gunstig.

Og det same er tilfelle i alle fall i deler av Aurland.

– Det er relativt små gardar i vårt område og då må ein ha ei viss avkasting per dekar. Difor har me ikkje att mykje kornproduksjon i Sogn, men frukt og bær passar altså godt, sa Blaaflat Mundal.

Han forklara korleis Lærdal Grønt har bygd seg opp ved å fokusera på kvalitet; mellom anna tek maskina på morellepakkeriet 30 bilete av kvar morelle for å analysera storleik og modningsgrad – såkalla optisk sortering.

– Me skal levera god kvalitet og god smak. Frå oss kan me levera fantastiske moreller til Bergen fordi det er relativt kort distanse. Så må heller dei som er så uheldige å ha busett seg i Tromsø finna seg i å få ikkje fullt så modne bær.

– Framleis potensiale for moreller

Også når det gjeld moreller kan det vera eit potensiale for bønder i Aurland. Sjølv om Lærdal har vakse seg svært store på dette segmentet og i fjor leverte rundt halvparten av alle norske moreller på marknaden, finst det moglegheiter.

– Tenk om me kunne ha klart å levera dei første morellene ei veke tidlegare enn kva me gjer no. For ikkje å seia to veker. I det heile klarde norske leverandørar å forsyna marknaden heilt og halde med norske moreller ein einaste dag i løpet av fjorårssesongen, sa Blaaflat Mundal med eit søylediagram oppe på lerretet. 

Diagrammet synte at marknaden berre baserer seg på importerte moreller fram til i juli. Då står norske produsentar for litt over halvparten av dei konsumerte morellene i Noreg, og om lag to tredeler i august.

– Men me kan eta ein del av den importerte andelen i juli, om me klarar å levera tidlegare.

Såleis meinte Blaaflat Mundal at ein har eit potensiale i Aurland, om ein vil satsa på tidlege og seine morellesortar.

Les også: Morellene går unna

Les også: No jaktar dei moreller som modnar tidlegare

Økologiske bær og frukt, vidareforedling og kålrot – også noko for Aurland?

Men først og fremst, altså: jordbær.

– Det er ekstremt mykje potensiale på jordbær - ein fantastisk etterspurnad i Bergen me ikkje klarar å forsyna.

Men, så finst det altså ein «men».

Utfordringa er at plantene frys fort om vinteren. Det har skapt trøbbel for mange, og mange har slutta. No løyser ein dette ved å planta jordbærplanter om våren og pløya ned på hausten. Då er vinterproblematikken vekke, men det er ein dyr produksjon.

Likevel var det berre tre som dyrka jordbær i Lærdal i fjor, og truleg blir det berre to i 2017-sesongen.

– Mange blir nok kanskje skremde av priskrigen på jordbær på Austlandet, men marknadssituasjonen er ein heilt annan her, sa Blaaflat Mundal

I tillegg til jordbær og tidleg og seine morellesortar, nemnde Blaaflat Mundal at aurlendingane kan utnytta det dei alt er gode på opp mot bær- og fruktproduksjon; å dyrka økologiske bær og frukt, og sjå på moglegheitene for vidareforedling av moreller og bringebær

– Me treng også ein kålrotprodusent.

– Jøss kor mykje frisk luft og kjekt arbeid du får.

Også Jens Terje Hammervoll frå Sognefrukt på Leikanger var til stades i Aurland og fortalde om verksemda deira.

Sognefrukt er spesielt store på plommer, men også epler og pærer. Hammervoll nemnde mellom anna at dei ikkje produserer på langt nær så mykje pærer som dei har mål om.

Artikkelen held fram under biletet

FRUKT: Jens Terje Hammervoll i Sognefrukt fortel dei spesielt har utfordringar med å produsera nok pærer.
FRUKT: Jens Terje Hammervoll i Sognefrukt fortel dei spesielt har utfordringar med å produsera nok pærer.

– Det er ein bransje i stadig endring og ein marknad som stadig stiller nye krav til oss produsentar, sa Hammervoll, og viste ei oversikt over alle dei større investeringane og oppgraderingane dei har gjort på og tilknytt pakkeriet. 

Om lag femten tilhøyrarar var til stades på informasjonsmøtet i Aurland denne veka, noko næringssjef Aarskog er godt nøgd med.

–  Ein god start på noko som kan famna om seg etter kvart. Me satsar på å ha nokre samlingar for interessentar, og gjerne ein frukt- og bærsafari til nabobygder. Når ein får til dette uti fjordane og nabokommunen, må det vera mogleg her også.

Blaaflat Mundal, som sjølv driv med noko fruktproduksjon, reklamerte slik:

– Det er mykje jobb og lite fri på sommaren. Men jøss kor mykje frisk luft og kjekt arbeid du får.

Til toppen