TOPP FIRE: Fire av dei fem mest leste sakane den siste tida.
TOPP FIRE: Fire av dei fem mest leste sakane den siste tida. (Foto: Arkiv)

Dystre tider i Flåm, eventyrleg oppussing og småbruk til fem millionar. Fekk du med deg desse sakane?

Dette var dei fem mest leste sakene på Porten.no førre veke.

Sogn: Har du ikkje fått med deg alt av nyheiter den siste veka? Fortvil ikkje, her får du kort oppsummert dei fem best leste sakene på Porten.no den siste tida.

Ida (31) har trua på opprykk – men då må Bakke først få orden på ein liten detalj

Fire dagar i veka sørger Ida Flæthe Solheim i Sogndal Fotball for at alt er på stell med post, handlelister og trykking av drakter. Men ho rekk også å gjere opp seg nokre tankar om kva som skal til for å føre klubben i sitt hjarte opp att til det øverste selskap.

TIPS: Ida Flæthe Solheim har gitt trenar Eirik Bakke mange gode tips, sidan ho byrja å jobbe for klubben. Ho trur ho veit kva som skal til for å klare opprykk. Foto: Ola Weel Skram

– Det hadde vore stas å få jobbe i ein klubb som rykker opp til eliteserien, seier Ida Flæthe Solheim, medan ho lener seg tilbake i sofaen med eit lurt smil.

Nede ved fellesområdet til Sogndal Fotball på Fosshaugane Campus held ho styr på det meste. Kjøkkenbenkar skal takast, mat skal handlast inn, oppgåvene er mange. Men Ida har kontroll. 

Les heile saka her.

Hytta til Benedicte Elisabeth og Jon Olav har gått gjennom ei totalforandring: – Det er kun eit ord; eventyrleg

Det er sundag føremiddag på Tyin. Ute er det nysnø og kaldt, men inne i den lune hytta er det godt å varmt. Benedicte Elisabeth Stedje og Jon Olav Stedje er kledd i ull frå topp til tå. Det same er ungane Sondre (5) og Anna (2). 

FAMILIEN: Benedicte Elisabeth Stedje og Jon Olav Stedje saman med ungane Anna, Sondre og katten Mio. Foto: Kristine Haglund

Hytta dei sit i vart totalrenovert av eventyrleg oppussing gjengen, og heile prosessen vart sendt på TV i beste sendetid. 

Korleis vil du beskriva det ferdige resultatet?

– Det er kun eit ord; eventyrleg. Dei kunne ikkje ha truffe begge våre smakar betre, dei fekk det perfekte resultat. Ein får ro av å vera her, seier Benedicte. 

Les heile saka og sjå stor bildeserie her

Tunge dagar for hotellnæringa i Flåm: – Akkurat no ser det svart ut

Næringslivet i Flåm er hardt prega av koronasituasjonen og fleire hotell har sett seg naudt til å lukke dørane. Dei vil ikkje opne att før langt ute i 2021.

TØFFE TAK: Dagleg leiar Aud Melås for Flåmsbryggja hotell har sett seg naudt til å stengje hotellet fram til påske. Foto: Ola Weel Skram

– Det er rett og slett heilt forjævligt, seier eigar og dagleg leiar av Flåmsbrygga hotell, Aud Melås. 

For hotellet som normalt har 49 årsverk i arbeid har året bydd på historisk topp- og bunn-nivå. Først var det rekord-tal på besøkande i januar og februar før dei stengte ned. Deretter kom ein god sommar med reiseglade nordmenn. Men i haust har pilen peika ein retning. 

Les heile saka her

Sterke reaksjonar: – Ein vegstandard som ikkje gjev eit minimum av tryggleik

 

Sørsida pensjonistlag skreiv i oktober eit innspel til kommunen og bad om at det vert jobba for å auke trafikktryggleiken på fylkesvegen mellom Ikjefjordbrua og Ortnevik. 

UTSETT: Sørsida pensjonistlag og rådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne i Høyanger meiner fylkesvegen på sørsida ikkje er trygg nok. Foto:  Vilde Grimelid Oppedal / Arkiv

No kjem også rådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne med ein uttale, der dei blant anna viser til at vegen er viktig for å oppretthalde busetnaden på Høyanger sørside.

– Kombinasjonen med tungtransport, smale vegar, vanleg persontransport og ein vegstandard som ikkje gjev eit minimum av tryggleik, kan fort skape farlege situasjonar, skriv rådet. 

Ungt par kjøpte småbruk på Hafslo for over fem millionar kroner

Det idylliske småbruket er det dyraste som er selt i Indre Sogn den siste tida. 

PRISLAPP: Dette småbruket gjekk for over 5 millionar kroner. Foto: Google Maps / Skjermdump

– Det var veldig populært. Det er typisk for denne typen landbrukseigendommar, seier meklar Kenneth Bjørk. 

Han skildrar det som eit teikn i tida. 

– Her var det langveis frå interesserte. Me hadde personar frå Oslo som var villige til å flytte, sier Bjørk. 

Les heile saka her

Til toppen