KJØPER VASSKRAFTPRODUKSJON: E-CO Energi Holding kjem til å erverva 90 prosent av aksjane i Hafslund ASA etter at anna verksemd enn produksjon av vasskraft er skilt ut av dette selskapet. Foto: Creative Commons - PeltonMan.

E-CO Energi kjøper vasskraftproduksjonen til Hafslund

E-CO Energi Holding kjem til å erverva 90 prosent av aksjane i Hafslund ASA etter at anna verksemd enn produksjon av vasskraft er skilt ut av dette selskapet.

Oslo: Det opplyser E-CO Energi onsdag etter at Oslo kommune offentleggjorde ei betydeleg omstrukturering av kommunen sitt eigarskap i energisektoren.

At E-CO Energi tek over vasskraftproduksjonen til Hafslund, betyr ein auke frå om lag 10 til om lag 13 TWh.

E-CO kjem til å kjøpe 90 prosent, medan Forum kjøper 10 prosent av Hafslunds vasskraftproduksjon. Dette er basert på ein avtalt verksemdsverdi på gjeld- og kontantfri basis på 7.750 millionar kroner.

– Denne omstruktureringa passar E-CO Energi forretningsmessig, strategisk og industrielt. E-CO Energi har eit uttalt vekststrategi, og ei overtaking av Hafslunds vasskraftsproduksjon vil styrka vår posisjon som Noregs nest største kraftprodusent, seier Tore Olaf Rimmereid, som er administrerande direktør i selskapet.

Til toppen