SVINDELFORSØK: BKK-kundar har blitt utsett for eit svindelforsøk.
SVINDELFORSØK: BKK-kundar har blitt utsett for eit svindelforsøk. (Foto: BKK)

E-post til BKK-kundar: – Dette er rein svindel frå kriminelle

BKK ber alle kundar som har motteke e-posten om å slette den umiddelbart.

Sogn: Fleire BKK-kundar har dei siste dagane motteke ein e-post frå nokon som utgir seg for å vere BKK. 

Det skriv BKK i ei pressemelding.

— Dette er rein svindel frå kriminelle som ønskjer å stele pengane dine, åtvarar Karsten Duus Wetteland, leiar for informasjonssikkerheit i BKK, ifølgje pressemeldinga.

Meldt til politiet

Svindlarane skriv i e-posten at kunden har betalt ei rekning to gongar, og ber kunden klikke på ei lenkje for å få pengane tilbake. 

— BKK vil aldri sende ut informasjon på denne måten via e-post. Ser ein nærare på e-posten, vil ein oppdage at e-postadressa ikkje har noko mned BKK å gjere, seier Duus Wetteland i pressemeldinga.

I tillegg er pengane e-posten viser til oppgitt i Euro, ikkje norske kroner. 

SVINDELFORSØK: Slik ser svindelforsøket ut. Skjermbilde: BKK

Åtvarar mot å klikke på lenkja

— Dette er eit klassisk svindelforsøk via e-post. Vi trur dei har sendt ut til ei rekke personar, i håp om at nokon går på, seier Wetteland. 

BKK har vore i kontakt med politiet, og svindelforsøket er meldt. 

Dei skriv at alle som har motteke e-posten, bør slette den umiddelbart. Wetteland åtvarar mot å klikke på lenkja i e-posten. BKK ser ikkje teikn på datainnbrot i sine system.

Til toppen