Aurland: Eit steinaras som har treft E16 i Gudvangen stenger vegen heilt tysdag ettermiddag. Raset skjedde éin kilometer frå Gudvangen i retning Voss.
Ifølgje politiet kom ingen personar til skade i raset, men vegen er altså stengt, og det er ikkje klart når vegen opnar opp att.
Flenjatunnelen, Gudvangatunnelen og Stalheimstunnelen er stengt av vegtrafikksentralen som følgje av raset.