Gudvangen: Etter å ha vore stengt sidan tysdag ettermiddag på grunn av eit stort steinras, blir hovudvegen mellom aust og vest opna att laurdag.
Onsdag, torsdag og fredag har gått med til å reinske fjellveggen og rydde og reparere vegbana. Vegen er venta å opne rundt 11.00 laurdag.
– Arbeidet har gått veldig bra. Entreprenøren har jobba godt og effektivt, så det har gått over all forventning eigentleg, seier fungerande avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Ingar Hals, til Porten.no.
Redusert standard på vegen
Då skredet gjekk, kom det steinar på storleik med bilar og minibussar nedover fjellsida. Desse har dei siste dagane sperra vegen heilt, og ein har måtta bore eller sprenge steinane til mindre bitar før ein kunne frakte dei vekk.
- Les også: Her vassbombar dei fjellsida
Steinane har naturlegvis gjort skade på vegbana, så vegen vert opna att med redusert standard.
– Men me får på trafikk med redusert fart, og så vil det ta eit par veker for å reparere vegen. Då blir det meir styrt trafikkavvikling og kortare ventepausar, seier Hals.