STÅR FAST: To vogntog sperra E16 måndag ettermiddag etter å ha sklidd i kvarandre. Foto: Tipsar. 
STÅR FAST: To vogntog sperra E16 måndag ettermiddag etter å ha sklidd i kvarandre. Foto: Tipsar. 

E16 stengt ved Nystuen

To vogntog sperrar E16.

Filefjell: Det var ingen passasje på Filefjell etter at to vogntog sklei inn i kvarandre og kolliderte like før 17.00 måndag.

Dei to vogntoga sperra vegen ved Nystuen Hotell. Bilbergar var då på veg. Ein person på staden opplyser til Porten.no at det ikkje er snakk om alvorleg skade på verken person eller vogntog.

19.30 opna vegen, men det er mykje kø i området.

Til toppen