Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

E16 var stengt grunna svært forureina luft i tunnel

Alle vegar er opne att

Flåm/Årdal: E16 var stengt i Flåm på grunn av eit trafikkuhell, melde vegtrafikksentralen på Twitter torsdag føremiddag. 

Vogntoget sperra vegen mellom Flenjatunnelen og Gudvangatunnelen i Flåm. Klokka 1239 kom meldinga om at vegen var opna att. Klokka 1241 kom meldinga om at E16 igjen var stengt grunna bilberging, denne gongen i Vinjedalen på hordalandssida – mellom Gudvangen og Voss.

Rett før klokka 1330 kom det melding om at det var innført manuell dirigering gjennom Vinjedalen grunna vanskelege køyretilhøve og lutt over klokka 13 var det fri ferdsel att.

Men samstundes kom meldinga om at fv. 52 Årdal - Tyin var stengt grunna bilberging. Den opna att litt over klokka 1730.

Og rett før klokka 1730 kom meldinga om at E16 er stengt i Gudvangatunnelen grunna svært forureina luft. Ti minuttar seinare opna tunnelen att.

Til toppen