STENGD: Fretheimtunnelen er stengd inntil vidare fordi nokon har fjerna eit brannsløkkingsapparat. Kart: Mapbox
STENGD: Fretheimtunnelen er stengd inntil vidare fordi nokon har fjerna eit brannsløkkingsapparat. Kart: Mapbox

E16 var stengt i to omgangar

Det har vore ein trøblete morgon på vegen mellom Bergen og Sogn.

Aurland: Vegtrafikksentralen Vest twitra rett over klokka 1030 at Fretheimtunnelen ved Flåm er stengd fordi nokon har fjerna eit brannsløkkingsapparat. Eit lite kvarter seinare kom det melding om at vegen var open att.

Tidlegare på morgonkvisten var også E16 stengd lengre enn normalt fordi nattearbeidet i Gudvangatunnelen drog ut. Tunnnelen skulle eigentleg opna for fri ferdsel klokka 6, men fram til klokka 8 var det kolonnekøyring kvar heile og halve time.

 

Til toppen