STENGT: E16 kjem til å vere stengt heile tysdag etter raset som gjekk natt til måndag. Det blir gjort ei ny vurdering onsdag. 
STENGT: E16 kjem til å vere stengt heile tysdag etter raset som gjekk natt til måndag. Det blir gjort ei ny vurdering onsdag. 

E16 vert tidlegast opna torsdag

Heller ikkje tysdag vert E16 i Voss opna att. 

Voss: Raset som traff vegen like før midnatt natt til måndag, har sperra vegen heilt sidan då. Det vart tidleg klart at vegen ikkje kunne opnast måndag.

Eit klatrelag har jobba med å sikra skredløpet sidan måndag, og onsdag vert fjellsida spylt frå helikopter. Deretter vert vegen rydda og reparert. 

Det betyr at vegen vert tidlegast opna torsdag 8. september, skriv Vegvesenet i ei pressemelding. Det er omkøyring via Stalheimskleiva for personbilar og køyretøy opptil 13 meter. Ventetida er om lag 15-20 minutt.

Tungtrafikken må køyre om riksveg 13 Vikafjellet eller riksveg 7 Hardangervidda.

Til toppen