Årdal: Jentene i ungdomsbedrifta vann fylkesmessa i Førde i mars, og gjekk jamvel av med 2. plassen på NM for ungdomsbedrifter i kategorien Bærekraftprisen, i april. No har dei det travelt.
Dei har fått inn rundt 30 førehandsbestillingar på penalhusa sine via nettsida si, noko dei synes er veldig kjekt, men utfordrande.

Jentene, som går i andreklasse på studiespesialiserande ved Årdal VGS, har nemleg eksamen komande onsdag.
– Det har vore travelt. No har det roa seg litt etter messa og NM, men me har sett syinga litt på pause for å fokusera på eksamen.
Sjå video nederst på sida.
Dei fortel at dei har jobba mykje med penalhusa på fritida for å koma i mål:
– Det er mykje ekstraarbeid i tillegg til skulen, så det kan gå litt ut over skule og andre timar. Me har hatt det i marknadsføring, og da har me berre hatt to timar [undervisning] i veka, seier dagleg leiar Maren Asperheim.
Les også: Friluftsbassenget på Årdalstangen vert ikkje opna til sommaren
Løn for strevet

Penalhusa er handlaga av gjenbrukte dongeribukser som dei har samla inn i lokalmiljøet. Hittil har dei laga omtrent 30 penalhus, der eitt pennal tek omtrent ein halvtime å produsera.
Trass mykje arbeid, er dei engasjerte jentene bestemte på å få ferdig dei 30 pennala som er bestilt, så fort som mogleg.
– Me håpar å få starta å sy etter eksamen, så me kan levera dei i byrjinga av sommarferien.
– De verkar motiverte sidan de jobber mykje på fritida? Korleis er det?
– Det er heilt greitt. Me skal jo ta ut løn til alle som har vore med etterpå, så me må gjera ein innsats for det.
Samarbeid med Årdal Quiltelag
Sidan ingen av jentene kunne sy før dei starta ungdomsbedrifta, har dei sidan starten vore heldige og fått god hjelp av Årdal Quiltelag.
– Quiltelaget laga ein demo for korleis me skulle sy pennala, så følgde me den, seier Maren Jevnaker Asperheim.
Jentene får òg låna lokala og utstyret til Quiltelaget på Gamleskulen.
Då Porten.no snakka med jentene i mars hadde dei følgjande å seie om damene på Quiltelaget:
– Det har vore koseleg der. Dei er hyggjelege og hjelpsame, sa Hedda Klingenberg den gongen.