Ljungskile/Årdal: Edin Øy har vore på bana i alle dei sju kampane etter overgangen frå Sogndal til Ljungskile, dei fem siste frå start.
Laurdag takka han for tilliten med å skåra sitt første mål for klubben.
– Det var ei fin skåring. Eg vann ballen på midten, avanserte framover og sette den hardt og høgt i målet. Det er godt å få første skåringa og nok ein siger. Me er gode for tida, seier Øy.
Sjå han skåra det tredje målet i 5-0 sigeren mot Karlskrona nedst i saka.
Etter storsigeren vart årdølen intervjua av ein reporter frå klubben. Trass to fulle månader i Sverige, var det ikkje teikn til knoting.

– Det er ikkje heilt bra viss kompisar og familie ser på, og så plutseleg snakkar eg svorsk. Eg må prøva å halda så mykje som mogleg på dialekta. Gutane på laget forstår meg meir og meir, seier Øy.
Har fått varm mottaking
Han skryt av den svenske klubben, og seier både spelarar og trenarar har teke godt imot han. At laget gjer det skarpt har òg gjort det enkelt å gli inn i det nye miljøet.
– Eg rekna ikkje med at eg skulle gå rett inn på laget, men etter to veker med trening var eg i startellevaren. Planen å halde på plassen vidare òg, seier Øy.
Ljungskile hadde ein tøff vår i sørlege avdelinga i Divisjon 1, nivå tre i svensk fotball, noko som resulterte i at trenaren fekk sparken.
Etter at Øy kom til klubben har dei til gode å tapa. Men med ti poeng opp og fem kampar att er det berre teorien som framleis held liv i opprykksdraumen.
– Hadde det vore eit par poeng mindre, så kunne det ha vore mogleg, men det er nok litt for langt. Me får prøva å gå utan tap resten òg, det hadde vore artig, seier Øy.

Ikkje bitter på Sogndal
Om han blir verande etter at kontrakten går ut ved sesongslutt er enno ikkje avgjort.
– Viss dei vil ha meg vidare, og eg er nøgd med tilbodet og opplegget ellers, så blir eg mest sannsynleg verande her litt til. Men det tek me oss ein diskusjon på etter sesongen, seier Øy.
21-åringen kom til Sogndal i 2015, men fekk få sjansar på A-laget. Speletida vart avgrensa til rundt tjue minutt fordelte på fem innhopp, det siste i 2016.
Øy er ikkje bitter av den grunn.
– Det handlar om å visa seg fram på trening. Dei i Sogndal tek ut laget dei meiner er best. Når du fortener sjansen, så trur eg du får han, men det kan likevel vera smart å flytta på seg med tanke på eigen sportsleg utvikling, seier Øy.
Spol deg fram til 1.07 minutt ut i klippet under og sjå måldebuten til Øy i Sverige: