EFFEKTIVE TILTAK: Statens vegvesen har gjort fleire effektive tiltak for å minska talet på hjortepåkøyrslar. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.
EFFEKTIVE TILTAK: Statens vegvesen har gjort fleire effektive tiltak for å minska talet på hjortepåkøyrslar. Illustrasjonsfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Effektive tiltak mot hjortepåkøyrslar

Det gar vore færre hjortepåkøyrslar etter at Statens vegvesen satte i verk førebyggande tiltak.

  • Endret

Statens vegvesen har gjort fleire målretta tiltak for å redusera hjortepåkøyrslar langs riksvegnettet i Sogn og Fjordane dei siste åra.

– Me har mellom anna sett opp viltgjerde og rydda skog, både på utsette punkt og heile strekningar, seier Ann Kristin Nes i Statens vegvesen.

– Til dømes er det sett opp viltgjerde mellom Kaupanger og Amla i Sogndal kommune. 

Det er Norsk Hjortesenter som har fått i oppgåve å evaluera fleire førebyggande tiltak mot påkøyrsle av hjort.

Dette fordi vegvesenet meiner det er viktig å vita om tiltaka er effektive og om ressursane vert brukt rett. 

Tysdag skal Hjortesenteret offentleggjere ein rapport på desse tiltaka, og den syner at fleire av tiltaka har gjeve færre hjortepåkøyrslar på strekningane det gjeld. 

Til toppen