SAME REKNEMETODE: Jan Geir Solheim (Sp) trur ikkje reknemåten til Statens vegvesen har endra seg stort sidan sist dei rekna på aust-vest-kostnadene. Det betyr at Hemsedalsfjellet vil kome best ut denne gongen også framfor Hardangervidda. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SAME REKNEMETODE: Jan Geir Solheim (Sp) trur ikkje reknemåten til Statens vegvesen har endra seg stort sidan sist dei rekna på aust-vest-kostnadene. Det betyr at Hemsedalsfjellet vil kome best ut denne gongen også framfor Hardangervidda. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Effektmål til fordel for Hemsedalsfjellet

Når det no skal utførast ein KVU på strekninga Gol-Voss, er det tre ting som veg tyngre enn andre i vurderinga.

Flåm: Dei tre tinga gjer at Hemsedalsfjellet truleg har ein fordel over riksveg 7 Hardangervidda i kampen om å bli hovudveg mellom aust og vest.

Det trur iallfall ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim (Sp), som måndag deltok på det tredje av fire KVU-møte i Flåm. Her la Statens vegvesen mellom anna fram løysingsforslag til strekningane, men dei fortalte også om analysane som skal gjerast i arbeidet med å finne den mest samfunnstenelege vegen mellom aust og vest i tillegg til E134.

Dagens situasjon seier at ingen av dei to fjellovergangane er tilstrekkeleg effektive og vintersikre til å fungere som framtidsretta hovudvegar mellom Austlandet og Vestlandet.

Regional verknad

Då er det hovudsakleg tre prosjektutløysande behov som vert lagt til grunn. Det er å sikre betre framkommelegheit, redusert reisetid og lågare transportkostnader for næringstransport. Regionale verknader er ikkje ein del av desse.

Artikkelen held fram under biletet.

GODT OPPMØTE: Over 50 fagfolk og folkevalde var samla på Flåm på det tredje av fire KVU-møte. Det siste møtet skal vere i juni.
GODT OPPMØTE: Over 50 fagfolk og folkevalde var samla på Flåm på det tredje av fire KVU-møte. Det siste møtet skal vere i juni.

– Det er det riksveg 52 som tener på, men sjølv om det ikkje er med, trur eg ikkje reknemåten til Vegvesenet har endra seg så mykje at det får nokon konsekvens. Det går vegen vår, seier Solheim. 

Etter som riksveg 7 famnar om ei større gruppe menneske, vil regionale verknader vege tungt for dei. Solheim meiner då at den såkalla Bergensdiagonalen må inn i diskusjonen.

– Fordi Bergensdiagonalen ikkje er kopla på får Hardangervidda voldsomme høge folketal dette vil famne om. Då får ein ei stor befolkningsgruppe som ville valt Hardangervidda. Det er det einaste dei slår oss på. Difor tok eg opp i førre møte at Bergensdiagonalen må med. Det er heilt tullete om den ikkje er med, seier Solheim.

Ser kor utfordringa ligg

Lærdalsordføraren beit seg også merke i at nordsida av Sognefjorden ikkje var teikna inn eller nemnt i presentasjonane til dei som informerte om prosjektet. Det må ein få endre på, seier han.

– I dag har det vore dårleg tid til å koma med innspel. Eg ser ein del prøver seg, men eg valte å følgje med på det som blei sagt i dag. Eg ser kor utfordringa ligg fordi den førre reknemåten Vegvesenet brukte er ikkje ny, og då kjem riksveg 52 klart best ut. Det vil skje denne gongen også.

– Utfordringa ligg i at dei ikkje har kopla på nordområdet frå Sogndal og heile vegen opp til Ålesund faktisk, samt Førde og Florø og resten av fylket. Det må me få kopla på. 

Til toppen